Seksjonsleiar Vedlikehaldsstyring og Teknisk informasjon

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsomtale

Teknisk avdeling søker ein medarbeidar som vil vere med å modernisere den tekniske drifta av sjukehuset. Seksjon for vedlikehaldsstyring og Teknisk informasjon/ dokumentasjon er ein nyoppretta seksjon som vil ha ansvar for å vidareutvikle arbeidsprosessane for Teknisk avdeling, sikre etterleving av desse og styrke den faglege støtta til drift- og vedlikehaldsavdelingane.

Effektiv vedlikehaldsstyring og god dokument kontroll er nøkkelkriterium for å oppnå ein sikker og effektiv drift av sjukehuset. Vi har ambisjonar om å vere i fremste rekke i bruk av moderne IT-verktøy og skal gjennom eit systematisk forbetringsarbeid oppnå denne ambisjonen.

Ny leiar, vil saman med dei tilsette i seksjonen, få ansvaret for at vi lykkast med dette arbeidet. Vi har i dag et FDVU-system som vi er i prosess med å utvikle/forbetre og vi er i startfasen med å etablere eit planverk for våre drift- og vedlikehaldsoppgåver i tillegg til prosjektaktivitetane våre.

Bygningsmassen i Helse Bergen er på om lag 500.000 m2. Teknisk avdeling skal overta det nye Barne- og ungdomssjukehuset på Haukeland i løpet av 2023. Dette er eit hypermoderne sjukehusbygg med alt av ny teknologi innan sjukehusdrift. Bygget og anlegga er fulldigitalisert og skal gjennom eit systematisk arbeid integrerast i den øvrige drifta av sjukehuset vårt. Sjukehuset er også i startfasen med oppgradering av sentralblokka på Haukeland og her vil det vere eit grensesnitt mellom normal drift av sjukehuset og ulike prosjektarbeid i mange år framover.

Denne driftssituasjonen med mange ulike grensesnitt mellom drift og prosjekt vil kreve mykje av Teknisk avdeling for å sikre ein trygg og stabil drift av dei tekniske anlegga våre.

Teknisk avdeling forvaltar Helse Bergen si eigedomsmasse og dei allmenntekniske anlegga. I tillegg til bygningsmessig drift og vedlikehald, har avdelinga også ansvar for sjukehusets tekniske infrastruktur og uteområde. Avdelinga har drifts- og vedlikehaldsoppgåver i forhold til ei rekke avdelingsvise produksjonsutstyr, og avdelinga yter også ulike former for service som ikkje direkte høyrer under drift- og vedlikehald av bygning eller utstyr. 

Teknisk avdeling si leiing er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Dei tilsette er i hovudsak lokalisert på Haukeland, men ca 25 av avdelingas tilsette er lokalisert ved Sandviken, Voss og Kysthospitalet i Hagevik. Teknisk avdeling ønsker å sikre medarbeidarane ein trygg og god arbeidsplass, og som igjen er med på å gje ei best mogleg pasientsikkerheit for Helse Bergen. Hos oss får du moglegheit til å kombinere høg fagleg kompleksitet i ein verdifull samanheng.

Haukeland universitetssjukehus skal ha miljøbevisste medarbeidarar og vi skal arbeide for å redusere utslipp av miljøskadelege stoff til jord, luft og vatn. Vi skal òg arbeide for å redusere miljø- og klimapåverknaden gjennom gode anskaffingsprosessar og vi skal bidra til å redusere forbruket av naturressursane.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og vidareutvikle dei tilsette i seksjonen
  • Kartlegge og vidareutvikle arbeidsprosessar for vedlikehaldsstyring
  • Kartlegge og vidareutvikle arbeidsprosessar for dokumentasjonskontroll
  • Sikre fagleg kvalitet for dokumentasjonskontroll
  • Etablere operasjonsplan for avdelinga
    • Driftsoppgåver
    • Vedlikehaldsoppgåver
    • Prosjektoppgåver
  • Saman med einingsleiar etablere ein samhandlingsarena for våre fagingeniørar på tvers av seksjonar
  • Saman med einingsleiar vidareutvikle samhandlinga med sjukehusets prosjektavdeling for etablering av eit felles planverk for sjukehuset

Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter ein medarbeidar med lang erfaring i bruk og utvikling av arbeidsprossessar og som likar å arbeida med menneske
  • Utdanning på mastergradsnivå, eventuelt kan bachelorgrad vurderast
  • Omfattande og dokumentert leiarerfaring og oppnådde resultat som leiar kan kompensere for formalkrav knytt til utdanning
  • Søkar må ha god kjennskap til og erfaring i bruk av moderne IT-verktøy
  • Må meistre norsk og engelsk skriftleg og munnleg

Prosjekterfaring kan vere ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfelta
  • Du har strategiske eigenskapar som bidrar til å styrke og vidareutvikle avdelinga som ein serviceinnstilt og effektiv tenesteytar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Evner å arbeide sjølvstendig i et tverrfagleg miljø

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Personalbarnehage
  • Introduksjonskurs

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktpersoner

Sjur Brandtun
Avdelingssjef
Telefonnummer: +47 952 73 062
Sophie Dedekam Kryvi
Einingsleiar
Telefonnummer: +47 920 38 044

Hvem er Helse Bergen?

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.