Seksjonsleiar drift - Vest 3 (Rogaland) - Stavanger

Seksjonsleiar drift - Vest 3( Rogaland) - Stavanger

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 01. november, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Viss du ser etter ein jobb der det skjer mykje, du kan bidra til utvikling av samfunnet vi lever og bur i, du får mange og ulike utfordringar og kor du kan ha ei fagleg utvikling – ja, da kan dette være akkurat den jobben du er på jakt etter.

Statens Vegvesen blir frå 1.januar 2020 organisert med fagdivisjonar. Divisjon Drift og Vedlikehald vil ha ansvar for drift, vedlikehald og mindre utbygging på riksvegnettet.

Divisjon drift og vedlikehald søkjer etter seksjonsleiar for Drift Vest 3.    

I seksjonen vil det være ca. 15 medarbeidarar, fordelte på kontor i Stavanger, Haugesund og Egersund. Kontorstad for seksjonsleiar blir Stavanger.

Seksjonen skal ivareta fylgjande oppgåver:

Driftskontrakter på riksveg innafor omtrent Rogaland. Seksjonen tar hand om byggherrerollen på inngåtte kontraktar (byggjeleiing og kontroll/oppfølging), samt kontrahering av nye kontraktar. Seksjonen har stor kontakt med brukarar og publikum.

Arbeidsoppgåver

Dine arbeidsoppgåver som seksjonsleiar vil være leiing av seksjonen som fagleg leiing, koordinering og utvikling av tilsette og arbeidsoppgåver i seksjonen. Du vil også ha tett samarbeid med andre avdelingar samt bidra inn i avdelinga si leiargruppe.

Egenskapar vi er ute etter: 

Statens vegvesen har tre verdiar. Vi skal vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande. Som leiar av seksjonen er det viktig at du:

  • kommuniserer og samhandlar godt, er løysningsorientert og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • engasjerer medarbeidarar og samarbeidspartnarar til å tenkje i framtidsscenario og vurdere kva krav dette sett til våre leveransar
  • arbeide målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgivelsene og være tilgjengelig

 

Alle leiarar i Statens vegvesen må være bevisst det ansvaret dei har som rollemodellar og kulturskapar.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer deg som har minimum tre års relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå, primært innanfor tekniske fag. Vi ønskjer at du har leiarerfaring. Lang og relevant leiarerfaring eller erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.

Fordi du må ferdast til og frå prosjekta våre med bil, er det naudsynt med førarkort klasse B.

Krav om sikkerhetsklarering eller at dette kan skaffast.

Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • leiarutviklingsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og høve for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Vi gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette. Attester og vitnemål vil vi etterspørre seinare i samband med eit eventuelt intervju.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hjå avdelingsdirektør Svenn Finden, tlf. 951 48 614, eller e-post: svenn.finden@vegvesen.no.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger