Seksjonsleiar drift vest 1

Stillingsbeskrivelse

Om avdeling drift og vedlikehald Vest

Vi er 148 tilsette på avdeling drift og vedlikehald vest.  Avdelinga er ein av elleve avdelingar i divsjon drift og vedlikehald.  Vi er delt inn i sju seksjonar og ein stab. Då ein av våre leiarar skal gå av med pensjon, er det no ledig stilling som seksjonsleiar for drift vest 1. Du vil samarbeide tett med dei andre seksjonsleiarane, og spesielt leiarane for drift vest 2 og 3.  Du vil få kontorstad Bergen, Odda eller Voss.

Om drift vest 1

Seksjon drift vest 1 har totalt 21 tilsette fordelt på kontorstadene Bergen, Kvinnherad, Nordhordland, Odda og Voss. Seksjonen har som oppgåve å drifte og forvalte riksvegnettet. Det betyr oppfølging av drifts-, elektro- og fagkontraktar, forvaltning av tunnelar og diverse sakshandsaming som vegeigar.  I ein overgangsperiode følgjer vi også opp felleskontraktar med fylkeskommunane. Vår totale prosjektportefølje er om lag 500 millionar kronar.   Seksjonen har mykje kontakt med brukarar/trafikantar, entreprenørar og publikum.

Arbeidsoppgåver

Som seksjonsleiar vil du fagleg leie, koordinere og utvikle medarbeidarane og deira oppgåver. Fordi medarbeidarane sit på ulike lokasjonar blir ei av dine viktigaste oppgåver å sørge for at vi utnyttar deira kompetanse best mogleg samla sett. Du vil samarbeide tett med andre avdelingar i Statens vegvesen, ha kontakt med entreprenørar, media og andre eksterne. Du deltek  i leiargruppa til avdeling vest .

Kvalifikasjonskrav

Du har minimum treårig ingeniørutdanning frå universitet eller høgskole. God og relevant erfaring for stillinga kan kompensere for manglande formell utdanning. Vi ynskjer at du har fylgjande relevant erfaring:

  • prosjektleiing, aller helst frå drift/anlegg eller bygg
  • leiarerfaring 
  • erfaring med rapportering og oppfølging av økonomi, HMS og kvalitet
  • erfaring med kontraktsoppfølging

Vi vektlegg personlege eigenskaper. Som leiar er du:

  • samlande og motiverande
  • strukturert og effektiv 
  • flink til å køyre prosessar 
  • dyktig til å balansere operativt og strategisk arbeid 
  • god til å uttrykke deg munnleg og skriftleg.  

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Vi gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer (òg) merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil (eventuelt?) bli varsla om dette.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hjå avdelingsdirektør Svenn Finden, tlf. 951 48 614, eller e-post: svenn.finden@vegvesen.no. 

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger