Seksjonsleder transportforvaltning vest 2

Seksjonsleiar transportforvaltning vest 2

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Om Transport vest

I divisjon Transport og samfunn er vi i avdeling Transport vest 56 tilsette som omfattar områda Vestland og Rogaland. Avdelinga er delt inn i fire seksjonar: Utgreiing, Transportforvaltning 1, Transportforvaltning 2, Transportforvaltning 3 og ein stab.

Om Transportforvaltning 2

Transportforvaltningsseksjonen har 12 medarbeidarar fordelt på kontorstadane Egersund, Stavanger og Haugesund. Seksjonen har ansvar for å styrke Statens vegvesen som den fremste samfunnsaktøren innan veg og vegtransport regionalt og lokalt. Vi skal sørge for transportforvaltning, ulykkesanalyse og deltaking i regionalt og lokalt TS-arbeid. 

Kontorstad for stillinga er Stavanger

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil være knytte til leiing av seksjonen med ansvar for personell, økonomi, fagleg kvalitet og leveransar frå seksjonen. Seksjonsleiar vil vere ein del av leiinga i Transport vest og inngå i avdelingsdirektørens leiargruppe. Ei viktig oppgåve vil være å delta i utviklinga av seksjonen og bidra til utvikling av transportforvaltninga i etaten. Du må kommunisere godt både munnleg og skriftleg. Stillinga vil medføre ein del ekstern kontakt. Arbeidsområdene som seksjonen dekker er i hovudsak:

Forvaltning etter veg og vegtrafikklova (som arbeidsvarsling og skiltsaker)

Forvaltning etter plan og bygningslov og samhandling med kommunar og fylkeskommunar i deira planarbeid.

Vareta sektoransvar innen trafikksikkerheit, klima og miljø

Kvalifikasjonskrav

Du har minimum treårig relevant utdanning frå universitet eller høgskole. Dersom du har teke hele eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT). Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Vi ønsker at du har følgande erfaring:

  • erfaring fra eit av seksjonen sine fagområder
  • leiarerfaring
  • erfaring med rapportering og oppfølging av økonomi, HMS og kvalitet
  • erfaring med samarbeidsavtalar

På grunn av litt reiseaktivitet må du ha førarkort klasse B.

Kven er du?

Vi ser etter ein trygg og tydeleg leiar med gode samarbeidsevner som har evna til å leie og utvikle dyktige medarbeidarar på ein god måte. Det er viktig å kunne ta avgjerder knytte til forvaltningsansvaret der omsynet til lovverk og reguleringar blir vareteke saman med omsynet til lokale ønsker og behov, slik at vi bidreg til å finne gode løysingar som støttar lokal og regional utvikling. Det er viktig at du finn balansen mellom operativt og strategisk arbeid og mellom fag og forvaltning – både for medarbeidarane dine og deg sjølv.

Som leiar er du:

  • samlande, motiverande og god på samarbeid
  • strukturert og effektiv
  • dyktig til å balansere operativt og strategisk arbeid
  • god til å uttrykke deg munnleg og skriftleg
Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram 
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • Gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Ta kontakt med avdelingsleiar Tone Oppedal på e-post tone.oppedal@vegvesen.no eller på mobiltelefon 95046056

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger