Seksjon for Skredkunnskap og –formidling (SKF)

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

NVE har viktige og spanande oppgåver knytt til førebyggingsarbeidet. Seksjon for Skredkunnskap og –formidling (SKF) i Førde har som hovudoppgåve å formidle og overføre kompetanse knytt til utfordringar med flaum, overvatn og skred. Du vil samarbeide med forskings- og kompetansemiljø både internt og eksternt, starte og leie forvaltningsretta forskingsprosjekt og formidle kunnskap til ålmenta, kommunar, andre statlege etatar, konsulentar og andre aktørar.
 
Arbeidsstaden ligg i Førde saman med NVE Region Vest. Du vil jobbe som ein av 4 i seksjonen. Jobben er hektisk, men spanande og interessant for deg som har gode formidlingsevner og kunnskap om geofare.

Arbeidsoppgaver

  • Utarbeide og formidle kunnskap om flaum, overvatn og skred både munnleg, skriftleg og digitalt
  • Kunne leie kunnskaps og utviklingsarbeid om flaum, overvatn og skred
  • Arrangere og leie møter og seminar
  • Utstrakt samarbeid med eksterne fagmiljø i Noreg om kompetanseutviklingstiltak for kommunar, konsulentar og andre aktørar
  • Initiere aktivitetar innan forvaltningsretta forsking og utdanning i samarbeid med eksisterande fagmiljø
  • Delta i og leie forskingsprosjekt nasjonalt og internasjonalt. Prosjektansvar og oppfølging
  • Det må påreknast reiseaktivitet i stillinga (40 – 60 reisedøgn pr. år), nasjonalt og internasjonalt
  • Etter NVE sitt behov og eige kompetansenivå kan arbeidsoppgåver verte endra innanfor fagområdet

Ønskede kvalifikasjoner

Krav:

  • Høgare utdanning på nivå master/sivilingeniør innan geofare spesielt 
    • skred
    • flaum
    • overvatn
    • vassdragsforvaltning
  • Anna relevant geofagleg utdanning
  • Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning
  • Kommunisere og formidle godt både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • Førarkort klasse B
  • Vi oppmodar nyutdanna til å søke

Vi vektlegg:

  • Erfaring frå forvaltninga innan fagområda GIS, plan, skred, flaum, overvatn og vassdrag
  • God kjennskap til relevante utdannings og forskingsmiljø
  • Erfaring frå fagleg relevant utdannings og formidlingsarbeid, vis i søknaden
  • Prosjekterfaring

Personlige egenskaper

  • God samarbeids og gjennomføringsevne
  • Utadvendt og god formidlingsevne
  • Sjølvstendig, kreativ og målretta
  • Vi legg vekt på om du er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Sterk kunnskapsorganisasjon med eit sterkt tverrfagleg miljø
  • Rom for personleg utvikling gjennom varierte og spanande oppgåver samt moglegheit til kompetanseheving
  • Du får innverke på viktige samfunnsområder
  • Stor kontaktflate, både internt og eksternt
  • Høve til å påverka utviklinga innanfor nasjonal skred og flaumforvalting
  • Fridom til å disponera eigen arbeidstid
  • Fine lokalar sentralt i Førde
  • Treningsrom og aktivt bedriftsidrettslag
  • Mobiltelefonordning
  • Familievenleg og fleksibel personalpolitikk
  • Gode arbeidstidsordningar (flexitid, sommartid, betalt overtid)
  • Trening i arbeidstida
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) som blant anna gir gode lånevilkår
  • Stillinga vert lønna som avdelingsingeniør/ overingeiør (1085/1087)  etter det offentlege regulativ f.t. kr 460 000 – 570 000 pr. år etter kvalifikasjonar. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønsplassering. Frå løna blir pensjonsinnskot trekt etter gjeldande reglar.

I NVE har vi eit tverrfagleg miljø med medarbeidarar frå meir enn 20 nasjonar. Det er eit personalpolitisk mål å spegle samfunnet si samansetjing i alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Vi ønskjer difor at alle kvalifiserte kandidatar søker uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. NVE er ei IA – verksemd og vil legga forholda til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevna.

Legg ved vitnemål og attestar elektronisk

Dersom ein søkar ønskjer å reservere seg frå offentleg søkarliste, må dette grunngivast. Opplysning om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om å ikkje bli ført opp på lista. Dersom reservasjonsønske ikkje blir teke til følgje vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste vert utforma.

Kontaktpersoner

Aart Verhage
Seksjonssjef
Telefonnummer: 90184410
Kathrine Berg Nilsen
Telefonnummer: 22 95 98 62
Odd Are Jensen
Overingeniør
Telefonnummer: 94507330

Hvem er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)?

NVE står overfor en rekke spennende utfordringer i årene som kommer. Klimaendringene, fornybar energi, sikker strøm­forsyning, flom, skred og internasjonalisering av bransje og regelverk er eksempler på dette.

NVE har ansvar for å forvalte landets vann- og energiressurser. Vi skal sørge for sikker strømforsyning og bedre samfunnets evne til å håndtere flom- og skredfare. NVE er nasjonal fagin­stitusjon for hydrologi. Forskning og internasjonalt utviklings­samarbeid også viktige arbeidsområder. NVE har hovedkontor i Oslo og fem regionkontor rundt i landet. I tillegg har vi fjellskredovervåking på Stranda og i Kåfjord. Til sammen er vi 600 ansatte med tverrfaglig kompetanse. NVE er et direktorat underlagt Olje- og energidepartementet.

Les mer om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og se flere ledige stillinger