Samfunnsplanleggar

Stillingsbeskrivelse

Fedje kommune søkjer samfunnsplanleggar i 100% stilling

Me søkjer deg som kan planlegge innan fleire felt, drive beredskapsarbeid og prosjektarbeid. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte - frå oppfølging og fornying av kommuneplanen, ROS-analysar og oppfølging av ulike prosjekt på fleire område. Me ønskjer at du etter kvart vert ein aktiv del av forvaltninga av teknisk etat. Andre oppgåver kan kome til, etter kompetanse og behov. Stillinga sorterer under plan-og utbyggingssjef.

Me søkjer ein medarbeidar som er allsidig og kan gje oss nye idear og perspektiv, som kan leie prosjekt og levere resultat, og som kan utføre meir tradisjonelle kommunale oppgåver som plan og rådgjeving på ein ny og forfriskande måte!

Me søkjer deg som:

  • Har relevant høgskule/universitetsutdanning – t.d. arealplanleggar, geograf, ingeniør med spesialisering innan planarbeid. Anna utdanningsbakgrunn vil og verte vurdert.
  • Er sjølvgåande og ønskjer ansvar, har gode samarbeidsevner, arbeider strukturert og effektivt – ein gjennomførar
  • Tenkjer nytt og strategisk, og er fleksibel og serviceinnstilt overfor innbyggjarar og næringsliv
  • Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå planarbeid/prosjektleiing/næringsutvikling
  • Stillinga krev at du les/skriv og snakkar godt norsk eller eit anna skandinavisk språk. Fedje er ein nynorskkommune.

Me tilbyr:

  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver – ver med på å skape eit samfunn!
  • Eit godt arbeidsmiljø, med stor grad av sjølvstende i stillinga.
  • Eit godt oppvekstmiljø «midt i naturen» med gratis barnehageplass og ein inkluderande skule med gode resultat frå 1.-10.klasse.
  • Medlemskap i KLP, ein av Noregs beste pensjonsordningar.
  • Gratis svømmebasseng og eit aktivt kulturliv.
  • Hjelp til å skaffe bustad.
  • Flyttegodtgjersle etter avtale.

Me har også ledige stillingar som sjukepleiar – om de er to som er flyttbare?

Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Lønn etter avtale.

Send inn søknad med 2 referansar. Vitnemål og attestar er ikkje naudsynte i første runde, men moglege å sende inn.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med plan- og utbyggingssjef Øyvind Tolleshaug på telefon 56165113 eller oyvind.tolleshaug@fedje.kommune.no

Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen vår!

Kontaktpersoner

Øyvind Tolleshaug
Plan- og utbyggingssjef
Telefonnummer: 56 16 51 13

Hvem er Fedje kommune?

BLI KJENT MED LANDSBYEN I HAVET!

Fedje – Norges vestlegaste kommune er liten, men god å bu og leva i. Her er ca 550 innbyggjarar, og avstandane i øykommunen er små. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 2 timar. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv, både på sjø og land. Om sommaren har me sørlandsidyll, om vinteren har me ruskevêr!