Rocketfarm søkjer trainee innan fleire spennande fagfelt

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 01. mars, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Bli trainee 

Framtidsfylket Trainee er eit fylkesdekkjande traineeprogram for nyutdanna med arbeidsgjevarar frå ulike fagfelt i privat og offentleg sektor. Kva bedrifter som deltek i programmet varierer frå år til år.

Som trainee er du tilsett i ei bedrift i fylket. Denne jobben er basert på ei kontrakt mellom deg og bedrifta, og er elles uavhengig av traineeordninga. I bedrifta har du også ein mentor som skal følgje deg opp.

Fire gongar i løpet av traineeåret deltar du på faglege fellessamlinger – kvar gong på ein ny plass i fylket. Her møtest alle traineeane i dei ulike bedriftene. På samlingane har vi fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging og andre tema som er nyttige når ein er ny i jobben. Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee. I tillegg legg vi vekt på at traineeane skal bli kjende med næringslivet i Sogn og Fjordane, samtidig som det sosiale og friluftsaktivitetar er ein viktig del av samlingane.

Vi legg òg opp til ein studietur til utlandet i april/mai. Dei siste fire åra har turen gått til Brussel for å studere relasjonar mellom Sogn og Fjordane og EU.

Blir du trainee hos oss, vil du ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram fra august 2020 til august 2021. 

Trainee i Rocketfarm

Rocketfarm er hjernekraft! Med svært dedikerte folk på laget brukar me software til å automatisere løysingar for kundar  i både inn- og utland.

Robotikk, maskinlæring og bildegjenkjenning er våre strategiske satsingar. 

Hjå oss får du muligheiten til å bli del av eit ungt miljø med ei internasjonal satsing på software produkt til robotar. 

Me søker kandidatar som er dedikerte utviklere innan et eller flere av følgende disipliner: Systemutvikling, web programmering, robotikk, artificial intelligence eller maskinlæring. Vilje og evne til å lære seg nye programmeringsspråk er sentralt da vi jobber med et bredt spekter av teknologier.

Rocketfarm og Nlink held til i Rockethouse AS, heilt i  fjordkanten i Sogndal, kjøpt for å bygge eit veldig godt arbeidsmiljø!

Eventyrleg utsikt, kajakk i kjellaren og aktivitetar både i og etter arbeidstid gjer at me har god kontinuitet i ein bransje prega av det motsatte. 

Me søker primært kandidatar med fullført mastergrad innanfor retningane robotikk, kybernetikk eller software engineer. 

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Tilsetting: August 2020 til august 2021. 

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.

Kontaktpersoner

Heidi Stevning
Rocketfarm AS
E-postadresse: heidi@rocketfarm.com
Mobil: 992 76 332

Hvem er Framtidsfylket?

Rocketfarm ble grunnlagt i 2008 og het opprinnelig Yast AS. I 2012 skiftet bedriften navn til Rocketfarm AS.

I dag teller vi 15 ansatte innen fagfeltene robotikk, automasjon og konsulenttjenester. Vår absolutte styrke er bred IT- og teknologikompetanse. Felles for oss alle er en brennende lidenskap for nye ideer, teknologi og entrepenørskap. Vi holder til i livstilseldoradoet Sogndal, der 3000 studentar sikrer et godt kulturtilbud, der naturen gir pudderalarmer og skitrekk 12 minutt fra sentrum, og Fosshaugane Campus gir puls, fellesskap og utmerkede idrettsfasiliteter for alle.