Risikoingeniør

Stillingsbeskrivelse

Vi skal bygge bruer som verda aldri før har sett.Vil du vere med?  

Utviklingsprosjekt Fjordkryssing i Ferjefri E39 søker no etter risikoingeniør.

Utviklingsprosjekt Fjordkryssing er Statens vegvesen si særskilde eining  for utvikling av brukonsept for ekstreme fjordkryssingar. Vi jobbar blant anna med utvikling ulike rørbru- og flytebrukonsept for kryssingar langs E39, herunder Bjørnafjorden sør for Bergen. Dette er breie og djupe fjordar, og vi står ovanfor utfordringar som Noreg ikkje har hatt sidan utviklinga av industrien i Nordsjøen.                                             

I Utviklingsprosjekt Fjordkryssing er vi allereie 17 personar som jobbar med prosjektet på fulltid. Av desse er 9 i Stavanger, to i Bergen og ein i Leikanger og 5 i Oslo. Arbeidsstad for denne stillinga er fortrinnsvis i Stavanger.  

Ansvar og arbeidsoppgåver

Kryssing av fjordar langs E39 er prosjekt som innehelder betydelig risiko, både teknologisk, operasjonelt og finansielt. Vi arbeider systematisk med å identifisere og handtere risikoar knytte til både prosjektgjennomføring og de tekniske løysningane, spesielt knytte til de store bruene.

Ansvar og arbeidsoppgåver vil bli

  • Gjennomføre risikovurderingar og risikoanalysar knytta til tekniske løysningar på bruer, tunnelar og andre vegrelaterte objekt.
  • Gjennomføre risikovurderingar og risikoanalyser knytta til ulykkeshendingar/ ulykkeslastar.
  • Bistå i og styre prosesser innen teknologikvalifisering knytta til blant anna materialer, produksjonsmetodikk og andre relevante tema.
  • Gjennomføre risikostyring i prosjekter langs E39.
  • Samhandle med resten av Ferjefri E39 prosjektet

Vi treng også at du er med på å utvikle strategiar for vidare arbeid og framdrift innan ditt fagfelt. Det er viktig for oss å spre den nye kunnskapen vi jobbar fram.

Dersom du blir med oss vil du samarbeide med svært dyktige fagfolk frå inn- og utland, i og utanfor Vegvesenet. Du har unike muligheiter til å utvikle fagkompetansen din og til å påverke fagmiljøet. Vi samarbeider med universiteta NTNU, Chalmers og UiS om forskingsprosjekt, og vi er opne for å tenke PhD saman med deg om du ynskjer det.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer deg med mastergrad eller doktorgrad innan relevant fagfelt som risikostyring, materialteknologi, maskin og/eller konstruksjonsteknikk. Nyutdanna kan også søke på stillinga.

Det er ein fordel om du har

  • Utdanning og/eller erfaring med kombinasjon av risikofag og materialteknologi/maskin/konstruksjonsteknikk
  • Erfaring med, eller god kjennskap til Eurokode, gjerne også Statens vegvesens handbøker, samt erfaring med modellering av ulykkeshendelsar, både frekvensanalyser, og konsekvensanalyser, til dømes støtanalysar
  • Kunnskap og erfaring innan områder, slik som RAMS og/eller Monte Carlo-simuleringer

Vi legg vekt på at du

  • Er initiativrik og sjølvdriven i arbeidet
  • Engasjerar og skaper entusiasme blant kollegaene dine
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Har høve til å kunne reise i jobben
  • Har god munnleg og skriftleg uttrykksform, både på norsk og engelsk

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll
  • Høve til vidareutdanning

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Søknad

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersoner

Tore Askeland
sjefingeniør
Telefonnummer: 93243070

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger