Regional planleggar hallkontor

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 02. april, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Trafikant- og køyretøyavdelinga (TK) i Region vest er bygd opp av regionale fagseksjonar. Køyretøyseksjonen har i hovudsak ansvar for all godkjenning av køyretøy i hall. Avdelinga har vore gjennom ei omorganisering og det er behov for å fylle ei nyoppretta stilling som planleggar.

Ansvarsområder:

Som regional planleggar for hallkontroll er du ein del av seksjonen sin stab med oppgåver og ansvarsområde innan m.a:

  • Overordna planlegging og ressursstyring for heile seksjonen i nært samarbeid med seksjonsleiar
  • Bidra til å optimalisera ressursbruken på dei enkelte einingane
  • I samråd med koordinatorar på dei andre seksjonane, utarbeide krav til nytt planleggingsverktøy som skal nyttas på heile eininga.

Arbeidsstad er ved Bergen trafikkstasjon i Åsane.

Kvalifikasjonskrav

Relevant universitet/høgskuleutdanning, min. 3 år. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetting av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

For å løyse oppgåvene treng du å ha  erfaring frå planlegging og styring av ressursar, gjerne frå operativ verksemd. Då du skal samarbeide og koordinere med andre einingar for å setje opp arbeidsplanar, krevst det gode samarbeidsevner, samt evne til analytisk oppgåveløysing. 

I Statens vegvesen ønsker vi å vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande. Det er viktig at du kan;

  • Kommunisere og samhandle godt, kan sjå løysingar og vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • Jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgjevnadane og vere tilgjengeleg

Då stillinga er ny i vår organisasjon, vil den som vert tilsett i stor grad kunne vere med å utforma stillingsinnhaldet. Ein må også rekna med å måtte delta i seksjonen si operative verksemd

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord,  sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

 

Kontaktpersoner

Dag Folkestad
Seksjonsleiar
Telefonnummer: (+47) 51 91 16 01

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger