Regional fagansvarleg automasjon

Statens vegvesen Region Vest står framfor store og grensesprengande utbyggingsoppgåver dei neste åra!

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 19. august, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

I tillegg har vi eit eksisterande vegnett som gradvis vert oppgradert. Mykje av utbyggings- og vedlikehaldsaktiviteten vår er knytt til tunnelar.

Krava til styring og overvåking av tunnelar har blitt innskjerpa dei siste åra. I praksis betyr dette at moderne vegtunnelar i dag er komplekse tekniske installasjonar som det krev stor automasjonsfagleg kompetanse for å kunne planleggje, prosjektere, bygge, drifte og vedlikehalde på ein måte som sikrar optimal trafikktryggleik og optimal driftsstabilitet.

I dag blir 244 tunnelar styrte og overvåka frå Vegtrafikksentralen (VTS). Tal overvåka tunnelar i Region vest vil auke kraftig fram mot 2024. Som ein konsekvens av dette ventar vi ei dobling av dei komponentane vi har installert for å styre og overvåke dei. Dette vil gje mange og store utfordringar for det automasjonsfaglege miljøet vårt framover.

Vi ønskjer difor å knytte til oss ein automasjonsfagleg ressursperson som vil få eit regionalt fagansvar (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) for dette fagområdet. Stillinga er lagt til Byggherreseksjonen på Veg- og transportavdelinga i Statens vegvesen Region vest.

Arbeidsoppgåver

  • Som fagansvarleg har du forvaltingsansvar for regionen sitt automasjons- og Ekom-nett, frå sensor til og med styrings- og overvåkingssystem (SCADA). Du skal vere bindeleddet mellom vegtrafikksentralen og konsulent/systemintegratorar og sikre forsvarleg drift og utvikling.
  • Du deltek og bidreg aktivt i nasjonale og regionale fora for samordning og standardisering, samt bidreg med faglege innspel til arbeidet med å utforme framtidas vegtrafikksentraler i Norge
  • Du gjennomfører driftsmøter med vegavdelingane, vegtrafikksentralen og prosjektavdelinga med tanke på lik praksis for å oppnå en effektiv og målretta kvalitet og framdrift.
  • Stillinga krev god marknads – og produktkunnskap frå fagområdet

Kvalifikasjonskrav:

Utdanning frå universitet-/høgskule, min. 3 år, med relevant linje– og fagkombinasjon, t.d automatiseringsteknikk, kybernetikk e.l.

Min. 5 års praksis frå tilsvarande oppgåver innan fagområdet, og god kunnskap om industrielle styre- og kontrollsystem, instrumentering, datanettverk og fiberoptisk kommunikasjon. Erfaring frå samferdsleprosjekt er ein fordel, men ikkje ein føresetnad.

Det vil vere ein stor fordel om du har eit eller fleire fagbrev innan automasjons- eller elektrofaga.

For søkjarar med lang og relevant erfaring frå liknande oppgåver,  og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi fråvike kravet til utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stillinga krev:

  • Evne og vilje til å ta eit tydeleg regionalt fagansvar
  • Ei fagleg og personleg tyngd som legitimerer det regionale fagansvaret
  • Evne og vilje til å dele eigen kunnskap med andre i eit tverrrfagleg miljø
  • Evne til å sjå individuelle ønskjer og krav opp mot heilheitsløysingar
  • God gjennomførings- og forhandlingsevne, både internt og mot eksterne samarbeidspartar
  • Auge både for detaljar og for dei meir overordna problemstillingane
  • God kommunikasjonsevne på norsk, skriftleg og munnleg
  • Førarkort kl. B

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger