Rådgjevar/Ingeniør - Byggjesak - Vikariat

Stillingsbeskrivelse

Her har du moglegheit for eit år med frisk fjelluft?

Planavdelinga i Bykle kommune har også byggjesaksbehandlinga. Avdelinga har 5 medarbeidarar i tillegg til plansjefen. Jørgine har fått barn og Nirosh ha fått fast stillinga nærare heimen sin. Derfor søkjer vi etter vikar på byggjesak. Dette er ein spennande og travel stilling. 

Årsvikariat som rådgjevar/ingeniør - byggjesak, 100% stilling, er ledig frå snarast. Hjå oss ligg byggjesak under planavdelinga på Bykle rådhus. 

Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Søkjarar ønskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. Grunngjevinga  blir vurdert i forhold til reglene i Offentlegloven. Dersom det etter kommunen sine vurderingar ikkje føreligg en særskild grunn til unntak, vil søkjarlista bli offentleggjort. Søkjar vil i et slikt tilfelle bli kontakta på førehand.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming av byggjesaker
  • Sakshandsaming og tilsyn etter Plan og bygningslova

Kvalifikasjonar

  • 3 år byggfagleg ingeniørutdanning eller annen relevant utdanning frå høgskuleeller universitet
  • Erfaring frå kommunal forvaltning /plan- og byggesaksfeltet er ønskjeleg
  • God IT- kompetanse
  • Anna utdanning og/eller relevant erfaring og byggesakskulen kan kompensere formanglande høgare utdanning
  • Den som blir tilsett må disponere eigen bil i teneste
  • Personlege eigenskapar
  • Serviceinnstilt
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • Må kunne arbeide sjølvstendig, og ha evne og vilje til tverrfagleg samarbeid

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i ein kommune med høg aktivitet
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter kvalifikasjonar, etter avtale
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement

Kontaktpersoner

Janne Krohn Grimsmo
Senior rådgiver
Telefonnummer: 918 94 302

Hvem er Bykle kommune?

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og badeland. Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar. Vi har ca. 170 tilsette.