Rådgjevar undervisnings- og læringsstøtte

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Avdeling for utdanningskvalitet utlyser 1 fast 100 %- stilling som rådgjevar ved nyetablert seksjon for undervisningstøtte/læringsstøtte ved NTNU.

Arbeidsstad er i Trondheim.  

Rådgjevaren skal jobbe med undervisningsstøtte/læringsstøtte i brytningsfeltet mellom pedagogikk og læringsteknologi, samt innkjøp, forvaltning og vidareutvikling av system og tenester i porteføljen digitalt læringsmiljø. 

Målgruppa for seksjonen er NTNU sine undervisarar og fagmiljø. Seksjonen vil også jobbe tett mot nasjonale UH-miljø som Uninett og UNIT. Den nye seksjonen er eit resultat av samanslåing av dei to faggruppene, Multimediesenteret og Læringssenteret. Dei to gruppene består i dag av 25 tilsette i tillegg til ein del læringsassistentar og prosjektmedarbeidar. 

Rådgjevaren skal medverke til høg fagleg kvalitet i seksjonen si verksemd og til vidare utvikling av seksjonen si portefølje. Meir informasjon om Avdeling for utdanningskvalitet. Meir informasjon om Læringssenteret og Multimediesenteret.

Arbeidsoppgåver

  • medverke med opplæring, rådgjeving og rettleiing for NTNU sine tilsette og studentar på bruk av digitale verktøy og tenester i undervisningssamanheng 
  • samarbeide med interne støtte- og administrative- einingar, samt NTNU sine fagmiljø 
  • utgreie og rådgje på innkjøp, forsvarleg forvaltning og bruk av NTNU sine digitale system og tenester 
  • jobbe med kommunikasjon ut til fagmiljø, administrative einingar, og leverandørar av NTNU sine system og tenester innan digitalt læringsmiljø 
  • produksjon av digitale læremiddel, som til dømes video, nettkurs og liknande 
  • delta i seksjonen si oppfølging av utviklingsprosjekt og strategiske satsingar 
  • legge til rette og vere pådrivar for delingsrøynsle, nettverksarbeid og møteplassar  

Kvalifikasjonskrav

  • Det er krav om relevant utdanning på minimum bachelornivå. Lang og relevant røynsle kan kompensere for utdanningskravet.
  • røynsle frå læringsprosessar og korleis bruk av ny teknologi og moderne læringsarena kan medverke til å fremje læring, gjerne gjennom eiga undervisningsrøynsle  
  • god forståing av IT-system og IT-arkitektur, samt kjennskap til læringsteknologi 
  • kunnskap om produksjon av digitale læremiddel 
  • god munnleg og skriftleg førestellingsevne på norsk og engelsk  
  • røynsle med endringsleiing, prosesseigarskap og prosessleiing 

Ønska kvalifikasjonar 

  • kjennskap til eller røynsle frå UH-sektoren 
  • røynsle frå prosjektdeltaking og/eller prosjektleiing 
  • prosessrøynsle frå innkjøp av system og tenester 
  • forståing for prosessar frå prosjekt og over til forvaltning og drift  

Personlege eigenskapar 

  • kan ta initiativ og tenkje analytisk 
  • er systematisk og løysningsorientert 
  • har gode samarbeidsevner  
  • brukarorientert tilnærming jamfør leveransar av tenester  

Vi tilbyr 

Lønn og vilkår 

Stillinga som rådgjevar kode 1434 blir normalt lønna frå brutto kr 505 800 – 576 100 pr. år avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfest innskott til Statens Pensjonskasse.  

Tilsettinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld for tilsette i staten, og etter tilsettinga må ein rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.  

Generell informasjon / Arbeide ved NTNU 

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Jamfør Offentleglova kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. 

Spørsmål om stillinga kan rettast til leiar for Læringssenteret Silje Belsvik Taftø, på tlf.: 95836389 eller e-post: silje.b.tafto@ntnu.no 

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast elektronisk via Jobbnorge.no. Søkarar som blir invitert til intervju må ta med stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Søknaden merkast med referansenummer: NTNU-nr 50/20

Søknadsfrist: 13.08.2020

NTNU - kunnskap for en bedre verden

Ved NTNU, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, skapes kunnskap for en bedre verden og løsninger som kan forandre hverdagen.

Avdeling for utdanningskvalitet

All utdanning ved NTNU skal være preget av kvalitet på et høyt internasjonalt nivå, faglig og pedagogisk. Avdeling for utdanningskvalitet arbeider systematisk med å utvikle kvaliteten i vår utdanning, gjennom strategiske satsinger og oppfølging av kvalitetsarbeid. Vår Seksjon for etter- og videreutdanning bistår NTNUs fagmiljøer og samarbeidspartnere med utvikling, markedsføring, salg og administrative tjenester i forbindelse med etter- og videreutdanning og konferanser. Avdeling for utdanningskvalitet er en avdeling i Fellesadministrasjonen.

Kontaktpersoner

Silje Belsvik Taftø
Leiar for Læringssenteret
E-postadresse: silje.b.tafto@ntnu.no
Mobil: 958 36 389

Hvem er NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet?

NTNU - kunnskap for en bedre verden

Ved NTNU, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, skapes kunnskap for en bedre verden og løsninger som kan forandre hverdagen.

På NTNU jobber 7 400 ansatte og 42 000 studenter med å skape kunnskap for en bedre verden.

NTNU søker engasjerte medarbeidere.