Rådgjevar - statistikk, kart og analyse

Avdeling strategisk utvikling og digitalisering

Stillingsbeskrivelse

Seksjon for statistikk, kart og analyse skal vere i front på kommunale og regionale analysar for å stø fylkeskommunen som ein aktiv og kunnskapsbasert regional utviklingsaktør, og bidra til å løfte analyse- og kunnskapsproduksjonen både i kommunane og i dei andre fagavdelingane i fylkeskommunen.

Seksjonen har ei nøkkelrolle i koordinering, innsamling, handsaming, utvikling og formidling av kart- og statistikkarbeid i fylket. Viktige leveransar frå seksjonen er kart- og statistikkforvaltning, befolknings- og bustadframskrivingar, kunnskapsgrunnlag til regionale planar og strategiar, kartlegging og oversikt over folkehelsa, og ei mengde oppdragsbaserte analysar og rapportar.

Stillinga inngår i eit team på to i seksjonen som har som formål å vidareutvikle og bruke fylkeskommunen sine geografiske informasjonssystem, og koordinere denne informasjonen med fylkeskommunen sin øvrige statistikk-, kart og analyseproduksjon.    

Seksjonen skal delta aktivt i nasjonale fagnettverk for statistikk, kart og analyse.

Det er ledig fast stilling i seksjonen, med arbeidsstad Leikanger. 

Arbeidsoppgåver

Stillinga inngår i seksjonen sin daglege statistikk- og analyseproduksjon, herunder:

  • Kvantitative og kvalitative analysar
  • Visualisering, publisering og presentasjon av statistikk og analysar
  • Digitalisering av datagrunnlag/automatisering av løpande oppdateringar
  • Koordinering og kvalitetssikring av kunnskapsformidling frå andre avdelingar
  • Rådgjeving til interne og eksterne aktørar 

I tillegg er det lagt særskilte GIS-oppgåver til stillinga:

  • Utvikling og bruk av GIS som analyseverktøy:
    • Publisere og vedlikehalde data i fylkeskommunen sine offentlege karttenester
    • Sjå heilskapen av behov og vere drivar for vidareutvikling innan fagfeltet
    • Vidareutvikle brukarløysingar  

Stø og utføre oppdrag for fagavdelingar og temaplanar:

  • Opplæring og tilrettelegging
  • Geografiske analysar
  • Lage tematiske kart 

  • Representere fylkeskommunen i ulike utval under Norge Digitalt-samarbeidet, og i fylkeskommunalt GIS-nettverk    

Kvalifikasjonar

  • Høgskule/universitet: mastergrad eller høgare 
  • Kvantitativ metodekunnskap og erfaring med statistikkprogramvare
  • Erfaring med GIS-programvare, herunder drift og konfigurasjon av server, desktop og web-GIS
  • Erfaring med geografiske analyser og framstilling av kartdata, også via nettløysingar
  • Generell innsikt i drift og vedlikehald av data i filstruktur og database
  • Kjennskap til vedlikehald og utvikling av prosesseringsløyper for automatisert dataflyt  

Personlege eigenskapar

  • Gode analytiske evner
  • God norsk munnleg og skriftleg formidlingsevne. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
  • Kreativ, løysingsorientert, metodisk allsidig
  • Strukturert, nøyaktig og sjølvstendig  

Vi tilbyr

  • Stillingsnemning rådgjevar/spesialrådgjevar/seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø  

Andre opplysningar 

Seksjonen har kontor både i Bergen/Sandsli og Leikanger, og ligg organisatorisk i stabsavdeling for strategisk utvikling og digitalisering. Stillinga vil ha kontorstad Leikanger, tett på avdelingsleiinga saman med ein analyserådgjevar, mens den andre GIS-rådgjevaren og analyserådgjevaren har kontorstad Bergen saman med seksjonsleiar. Litt reiseaktivitet mellom kontorstadane må påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom.

Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Arbeidsstad: Askedalen 2, 6863 Leikanger

Kontaktpersoner

Stian Skår Ludvigsen
seksjonssjef
Telefonnummer: 41322734