Rådgjevar / Seniorrådgjevar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 06. mars, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Avdeling for mobilitet og kollektivtransport er fagavdeling for kollektivdrifta i Vestland fylkeskommune.

Det vil i åra som kjem skje stor utvikling på samferdsleområdet, med vekt på elektrifisering, automatisering, nye tjenester og nye aktørar. Avdelinga er inndelt i tre seksjonar; transportplanseksjonen, seksjon for strategi og eigarstyring og forvaltningseksjonen. Avdelinga har 27 tilsette. Den ledige stillinga ligg i transportplanseksjonen.

Transportplanseksjonen har ansvaret for overordna fylkeskommunal samferdselsplanlegging, samt deltaking i og oppfølging av statleg planlegging innanfor transportområdet. Arbeidet med Byvekstavtalen for Bergensområdet, deltaking i Miljøløftet, heilskapleg satsing på berekraftig mobilitet og utarbeiding av Regional transportplan er mellom hovudoppgåvene til transportplanseksjonen. Utarbeiding av uttalar til offentlege planar, og innspel til nasjonalt regelverk og rammevilkår innanfor samferdselsområdet er også lagt til denne seksjonen.

Arbeidsoppgåver

Til den ledige stillinga ligg mellom anna tett oppfylgjing av planlegging av Bybanen til Åsane (byggjetrinn 5) samt andre planoppgåver knytt til kollektivinfrastruktur. 

Stillinga vil også kunna omfatte ulike analyse- og utgreiingsoppgåver innanfor samferdsleområdet, generell samferdsleplanlegging og kollektivfagleg planuttale til regionale og kommunale planar.

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar til stillinga må ha høgare utdanning på masternivå.
  • Det er ynskje med røynsle og kjennskap til samferdsleområdet. Erfaring med planlegging av kollektivinfrastruktur vil bli vektlagt.
  • Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Personlege eigenskapar

  • Resultatorientert, initiativrik og handlekraftig.
  • Gode analytiske eigenskapar.
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å handtera fleire oppgåver samstundes.

Du må trivast med utadretta kontakt og må kunna kommunisera godt med brukarar og samarbeidspartar. Vi søkjer etter ein kreativ og ambisiøs person, som både kan arbeida sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit godt og utfordrande fagleg miljø innanfor eit stort og viktig samfunnsområde.
  • Eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Løn etter avtale.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Kontaktpersoner

Torill Klinker
Seksjonsleiar
Mobil: 908 99 261