Rådgjevar kart og planfag

Stillingsbeskrivelse

Vil du vere med å løfte oss?

Bykle kommune er staden for faglege utfordringar. Her kan du vere med i eit fagmiljø med stort trykk, i spennet frå store utbyggingsprosjekt med investorar til varig vern av natur og samhandling med regionale styresmakter. Kart og sjølvbeteningsløysingar vil vere stadig viktigare som verktøy og som kanal i samhandlinga med innbyggjarar, hyttefolk og næringsliv. I botnen må det vere kvalitetssikra kartdata for utveksling med aktørar osb. Det ligg og ein del driftsoppgåve til stillinga knytt til vedlikehald av baser og matrikkelen. Vi treng deg med fagleg tyngde og med  lyst til å vere med å løfte oss ekstra innafor kart-/planfag, og digitalisering.

Hjå oss er du ein del av planavdelinga på Bykle rådhus, og i denne stillinga har du ansvar og oppgåver innanfor kart og planarbeid m.v.

Kommunen praktiserer offentlegheit ved tilsettingar. Søkjarar ønskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. Grunngjevinga  blir vurdert i forhold til reglene i Offentlegloven. Dersom det etter kommunen sine vurderingar ikkje føreligg en særskild grunn til unntak, vil søkjarlista bli offentleggjort. Søkjar vil i et slikt tilfelle bli kontakta på førehand.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. 

Arbeidsområde er blant anna

  • GIS/geodata/geomatikk
  • Lage plankart på ulike plannivå
  • Samarbeide med konsulentar om plandata, og sjekke innkomne digitale planar
  • Ajourhald av kommunen sine kartverk - FKB-data med mer
  • Oppdatere planinnsyn og kart på heimesida
  • Matrikkelføring - oppgåver etter matrikkellova (kart og delingsforretningar, matrikkelbrev mm)
  • Planarbeid i medhald av plan- og bygningslova
  • Andre oppgåver kan bli aktuelt

Kvalifikasjonar

  • Master, gjerne med vekt på kart/GIS/geodata/planfag
  • God kjennskap til bruk av GISLINE-produkta/Norkart- program
  • Ønskjeleg med erfaring frå oppmåling
  • Gjerne godkjent matrikkelførarkurs  
  • Erfaring frå offentleg forvaltning 
  • Den som blir tilsett må ha førarkort minimum klasse B
  • Personlige eigenskaper
  • Ryddig og serviceinnstilt
  • Fagleg trygg
  • Gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg

Vi kan tilby

  • Spennande arbeidsoppgåver i ein kommune med høg aktivitet
  • Mulegheit til fagleg utvikling og vekst
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter kvalifikasjonar, etter avtale
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement

Kontaktpersoner

Janne Krohn Grimsmo
Senior rådgiver
Telefonnummer: 918 94 302

Hvem er Bykle kommune?

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og badeland. Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar. Vi har ca. 170 tilsette.