Rådgjevar innan trafikksikkerheit/sakshandsamar arbeidsvarsling

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsomtale

Om Transport vest

I divisjon Transport og samfunn er vi 56 tilsette i avdeling Transport vest som omfattar områda Vestland og Rogaland fylke. Avdelinga er delt inn i fire seksjonar: Utgreiing, Transportforvaltning 1, Transportforvaltning 2, Transportforvaltning 3 og ein stab.

Om Transportforvaltning 2

Transportforvaltning vest 2 har 14 medarbeidarar fordelt på kontorstadane Haugesund og Stavanger. Seksjonen har ansvar for å styrke Statens vegvesen som den fremste samfunnsaktøren innan veg og vegtransport regionalt og lokalt. Transportforvaltningsseksjonen har ansvar for sakshandsaming etter veglov, vegtrafikklov og plan- og bygningslov og samhandling med kommunar og fylkeskommunar i planarbeid.

Om stillinga

På transportforvaltning vest 2 er det ei variert stilling ledig innan trafikksikkerheit og arbeidsvarsling. Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til at tryggleiken og effektiviteten i vegsystemet er så høg som mogleg. Du tek avgjersler som folk legg merke til i kvardagen, og du vil oppleve at mange er engasjerte i det arbeidet du gjer. Innanfor tema trafikksikkerheit vil arbeide vera retta mot transportforvaltning, utgreiingsarbeid planarbeid og deltaking i regionalt og lokalt TS-arbeid.

Den andre delen av stillinga er knytt til vurdering og godkjenning av arbeidsvarslingsplanar for arbeid på eller ved riks- og fylkesvegane. Dette inneber tett dialog med byggherrer og entreprenørar for å finne fram til løysingar som gir god trafikksikkerheit og god framkomst.

En viktig del av arbeidet vil være oppfølging og kontroll av arbeidsområder langs vegnettet. Vi kontrollerer at byggherrene/entreprenørene gjennomfører arbeidet ihht. godkjent arbeidsvarslingsplan og at sikkerhet og framkommelighet ivaretas.

Fordeling av dei to oppgåvene knytt til stillinga vil verta vurdert i tilsettingsprosessen.

Kontorstad: Stavanger

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming arbeidsvarslingsplanar
  • Trafikksikkerheitsarbeid (TS)
  • Utgreiingsarbeid
  • Arealplanutalar ved behov
  • Andre oppgåver som naturleg høyrer inn under desse områda
  • Ved behov kan andre oppgåver verta tillagt stillinga

Kvalifikasjonskrav

Vi er primært ute etter ein person som har masterutdanning, alternativt bachelorutdanning innan relavant fagtema. Relevant fagtema kan vera vegfag, trafikkfag, planfag og sikkerhet  Det er ynskjeleg at du har erfaring innanfor det aktuelle fagområdet. Relevant og omfattande erfaring innan dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for manglande formell utdanning.

Du må ha førarkort klasse B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av  papira dine, og ei godkjenning frå  NOKUT (www.nokut.no).

Vi vektlegge personlege eigenskapar:

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • At du kan jobbe sjølvstendig og strukturert.
  • At du har gode samarbeidsevner og er løysningsorientert
  • Evne til å stå i ein hektisk og krevjande kvardag

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Ta kontakt med seksjonsleiar Bjarte Børtveit på telefon 95151119 eller e-post bjarte.bortveit@vegvesen.no

Kontaktpersoner

Bjarte Børtveit
Seksjonsleder
Mobil: 951 51 119

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag. 

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger