Rådgjevar innan system- og verksemdsutvikling

Stillingsbeskrivelse

Rådgjevar innan system- og verksemdsutvikling

Teknologi og utvikling har ledig stilling som rådgjevar innan system- og verksemdsutvikling og  søkjer etter ein person med kompetanse på IT-system, verksemdsutvikling og porteføljestyring.

Stillinga er knytt til Teknologi og utvikling kor du vil møte trivelege og kompetansesterke kollegar.

Arbeidsoppgåver
  • vere divisjon Utbygging sin ressursperson i utvikling av systemporteføljen
  • delta i tverrfagleg utviklingsteam for verksemdsarkitektur
  • vere divisjonen sin ressursperson i arbeidet med å definere utviklingstiltak for verksemda, og vere kontaktperson til Vegdirektoratet/Porteføljestyring 
  • samarbeide med einingar som IT og andre divisjonar
  • halde oversikt over og fylgje opp økonomi og resultat innan oppgåvefeltet
Kvalifikasjonskrav

For stillinga krevst det høgare utdanning frå universitet eller høgskule.

Den rette kandidaten tek hovudansvar for teknologisk utvikling og forbetring av divisjonens samla IT-system, samt tek initiativ og fylgjer opp verksemdsutviklingstiltak. God økonomiforståing er ein forutsetning.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stillinga krev
  • gode evner til å samarbeide og til å etablere gode relasjonar
  • god analytisk evne
  • at ein evner å sjå moglegheiter i ein heilheit
  • at ein er nysgjerrig
  • fleksibel, initiativrik og løysingsorientert organisering av eige arbeid
  • gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Søknad

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Dersom du ynskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med leiar for Teknologi og utvikling, Hanne Hermanrud på mobil 97521615.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger