Rådgjevar i samfunnsøkonomisk analyse

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsomtale

Vi inviterer deg til å ta i bruk di erfaring og din ekspertise i ei stilling der vi skal rekne på korleis vi kan løyse framtidige behov for sikringstiltak på ein meir berekraftig måte. Vi lever i eit klima i endring og vi må førebu oss på auka innsats framover. Vi treng difor å styrke oss i høve samfunnsøkonomiske analysar for å gjere riktige nasjonale prioriteringar på området.

Sikringstiltak utgjer ein stor og viktig del av det forebyggande arbeidet mot flaum- og skredhendingar. I denne rolla treng du kjennskap til bruk av nytte-/kostverktøy og erfaring med analyse og vurdering av prissette konsekvensar av investeringar.

NVE sitt arbeid med sikringstiltak mot flaum- og skredhendingar er organisert i seks einingar; fem regionale einingar og seksjon for sikring. Denne stillinga sorterer under seksjon for sikring, som har eit overordna ansvar for å samordne NVE sin innsats i det forebyggande arbeidet.

Vi treng deg som kan ta ansvar for kontinuerleg drift og utvikling av vårt nytte-kost-analyseverktøy. Verktøyet reknar på nytten av sikringstiltak sett opp mot kostnadane, og inneheld òg vurderingar av ikkje-prissette konsekvensar (t.d. miljø). Hjå oss vil du verte del av eit miljø som heile tida er på leit etter forbetring og utvikling, der du vil påverke løysingane vi kjem fram til!

Avhengig av din kompetanse må andre oppgåver kome til. Det kan t.d. vere at du vert ein viktig bidragsytar ved implementering av nytt prosjektoppfølgingsverktøy og prosjekthotell.

Dette er ei nyoppretta stilling som er etterspurt i organisasjonen. Du vil få høve til å påverke, få eit godt nettverk, og du vil få erfaring med mange interessante og spennande prosjekt. Stillinga vil passe godt for deg som liker litt nybrotsarbeid. Kontorstad for stillinga er Oslo.

Arbeidsoppgaver

  • Drifte og vidareutvikle vårt nytte-kost-analyseverktøy
  • Vere superbruker på analyseverktøyet og bistå med analyser
  • Legge til rette for transparens av våre samfunnsøkonomiske analysar
  • Ta ansvar for arbeidet med styringsdokument innanfor fagområdet, under dette kan det også vere aktuelt å bidra inn i implementering og bruk av nytt prosjektoppfølgingsverktøy
  • Samarbeid og støtte til planleggarar ved NVE sine regionkontor, men også mot andre seksjonar/einingar i NVE
  • Dette er ei ny stilling som må finne sin form i takt med utfordringar vi står ovanfor, og andre arbeidsoppgåver kan difor kome til
  • Det må påreknast litt reiseaktivitet (rundt 20 reisedøgn i året)

Ønskede kvalifikasjoner

  • Høgare utdanning innan samfunnsfag-/tekniske fag eller økonomifag, helst på masternivå.
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensera for delar av utdanningsnivået
  • Vi ser gjerne at du har nokre års arbeidserfaring
  • Relevant kunnskap rundt samfunnsøkonomiske analysar
  • Du må kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg på norsk
  • Førarkort klasse B

Ynskjeleg/gagneleg:

  • Samfunnsøkonomiske analyser
  • Kjennskap til offentleg forvaltning
  • Kjennskap til arbeid med sikringstiltak mot flaum og skred
  • Relevant arbeidserfaring med prosjektoppfølgingsverktøy/prosjekthotell
  • Generell IT-kompetanse

Personlige egenskaper

  • Du kan tenkje tverrfagleg og sjå det store biletet
  • Du kan samarbeide godt med andre
  • Du er føretaksom, tek initiativ og arbeider effektivt/systematisk
  • Du utnyttar eigen kunnskap til å medverke til utvikling av rutinar og system i NVE
  • Du er omgjengeleg og god på kommunikasjon
  • Du fungerer godt både sjølvstendig og i team
  • Det vert lagt stor vekt på at søkjaren er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Stillinga gir stort rom for personleg og fagleg utvikling innan eit fagfelt med stor samfunnsaktuell interesse
  • Du vil få høve til å påverke utviklinga av fagfelta innanfor sikring mot flaum og skred
  • Seksjon for sikring samarbeider tett med NVE sine regionkontor, og du vil difor møte eit stort tverrfagleg miljø der dine kollegaer arbeider innanfor eit vidt fagleg spenn, t.d. med kvalitet, fagleg utvikling, prosjektering og utføring av sikringstiltak
  • Du vil få stor kontaktflate, både internt og eksternt
  • Livsfaseorientert personalpolitikk
  • Gode arbeidstidsordningar (flexitid, sommartid, betalt overtid)
  • Mulegheit for trening i arbeidstida
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) som blant anna gir gode lånevilkår
  • Stillinga vert lønna innan spennet kr 500.000 - kr 650.000pr år i stillingskode førstekonsulent/rådgjevar/ seniorrådgjevar 1408/1434/1364. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Endeleg lønn er avhengig av kvalifikasjonar. Pensjonsinnskot vert trekt frå lønna etter gjeldande reglar.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse våre oppgåver betre. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen om dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssing i jobbsøkarportalen gir grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.

Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og attestar vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.

Om du ynskjer å reservere deg frå offentleg søkarliste, må dette grunngievast. Opplysing om søkaren kan verte offentleggjort sjølv om søkaren har bede om å ikkje verte ført opp på lista. Om reservasjonsønske ikkje vert teke til følgje vil søkaren verte varsla om dette før offentleg søkarliste vert utforma.

Ved behov kan det verte gjennomført ein referansesjekk av kandidat(ar) som vert innstilt. Dette betyr dokument- og kjeldekontroll får å verifisere opphav og gildskap (m.a. det som vert oppgjeve i CV eller dokument som vert lagt ved.

Kontaktpersoner

Camilla Asperheim Nestegard
Koordinator sikring
Telefonnummer: +47 971 77 577
Kathrine Berg Nilsen
HR-kontakt
Telefonnummer: +47 413 32 165
Siss-May Edvardsen
Seksjonssjef
Telefonnummer: +47 952 90 114

Hvem er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)?

Vil du jobbe tett på Norges vann- og energiressurser? Som ansatt i NVE kan du være med å påvirke hvordan disse viktige ressursene blir brukt i fremtiden.

NVE må håndtere mange utfordringer i årene som kommer. Klimaendringene, fornybar energi, sikker strøm­forsyning, flom, skred og internasjonalisering av bransje og regelverk er eksempler på dette. NVE har hovedkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har vi fjellskredovervåking på Stranda og i Kåfjord.

Les mer om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og se flere ledige stillinger