Rådgjevar arbeidsvarsling og trafikkteknikk

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 24. mai, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Om Transport vest

I divisjon Transport og samfunn er vi 56 tilsette i avdeling Transport vest som omfattar områda Vestland og Rogaland fylke. Avdelinga er delt inn i fire seksjonar: Utgreiing, Transportforvaltning 1, Transportforvaltning 2, Transportforvaltning 3 og ein stab.

Om Transportforvaltning vest 1

Transportforvaltning vest 1 har 11 medarbeidarar fordelt på Leikanger og Førde kontorstad. Seksjonen dekker kommunane i Vestland fylke med unntak av Bergensområdet og Sunnhordland, og har ansvar for å styrke Statens vegvesen som den fremste samfunnsaktøren innan veg og vegtransport regionalt og lokalt. Transportforvaltningsseksjonen har ansvar for sakshandsaming etter veglov, vegtrafikklov og plan- og bygningslov og samhandling med kommunar og fylkeskommunar i planarbeid.

Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til at tryggleiken og effektiviteten i vegsystemet er så høg som mogleg. Du tek avgjersler som folk legg merke til i kvardagen, og du vil oppleve at mange er engasjerte i det arbeidet du gjer. Du vil bli del av eit godt arbeidsmiljø med godt kvalifiserte medarbeidarar som dekker ulike fagområde innan seksjonen sitt ansvarsområde.

Kontorstad: Førde eller Leikanger

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsvarsling: Vurdere og godkjenne arbeidsvarslingsplanar for arbeid på eller ved riks- og fylkesveg. Dette krev tett dialog med byggherre og entreprenør for å finne løysingar som gjev god trafikktryggleik og framkomst. 
  • Permanente skilt og vegoppmerking: Ansvar for vedtak for all skilting langs riks- og fylkesvegnettet og trafikkregulerande skilt langs kommunal veg.
  • Lokalt og regionalt trafikktryggingsarbeid.
  • Andre oppgåver innan ansvarsområdet til seksjonen kan også vere aktuelt ut frå behov til seksjonen og interessefelt til medarbeidar.

Kvalifikasjonskrav

Du har minimum tre års relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Relevant erfaring innan dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for manglande formell utdanning.

Erfaring innan forvaltning og samferdsle frå offentleg eller privat sektor er ønskjeleg.

Seksjonen si verksemd er sterkt utadvent og vi legg difor stor vekt på evne til samarbeid internt og eksternt, samt gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg.

På grunn av litt reiseaktivitet må du ha førarkort klasse B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå  NOKUT (www.nokut.no).

Vi vil og leggje vekt på:

  • Evne til å ta initiativ, vere løysingsorientert og jobbe sjølvstendig
  • At du kan samarbeide og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å handtere innspel og engasjement frå dei partane sakene gjeld
  • Korleis kompetansen din høver inn i den samla kompetansen på seksjonen

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver i eit godt arbeidsmiljø som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Ta kontakt med seksjonsleiar Torun Emma Torheim på telefon 99577886 eller e-post torun.torheim@vegvesen.no

Kontaktpersoner

Torun Emma Torheim
Seksjonsleder
Telefonnummer: 57 65 58 45
Mobil: 995 77 886

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger