Rådgiver Miljøløftet Bergen

Rådgjevar Miljøløftet Bergen

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 19. februar, 2023. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Vil du vere med å forme fremtidas Bergen og gjennomføre ei av dei største satsingane på samferdsel i landet?

 

Miljøløftet er eit felles namn for byvekstavtalen for Bergensområdet og bompengepakka i Bergen. Gjennom byvekstavtalen er det inngått eit forpliktande samarbeid mellom stat, fylke og kommunane Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden. Saman jobbar partane i Miljøløftet for nullvekstmålet: I byområda skal vi redusere klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy gjennom effektiv arealbruk og ved at veksten i persontransporten skjer med kollektivtransport, sykling og gange.

Les meir på www.miljøløftet.no

Miljøløftets sekretariat legg til rette for gode prosessar i samarbeidet mellom partane. Sekretariatet treng å auke kapasiteten knytt til saksførebuingar, utvikling av partnarskapen og tilrettelegging for mål- og resultatstyring, samt kommunikasjonen rundt dette.

Vår rådgjevar/controller har fått nye oppgåver og vi søker deg som kan overta nokre av arbeidsoppgåvene hennar. Vi treng ein medarbeidar med naturleg interesse for tal og med analytiske evner. Hvis du i tillegg er god på å framstille informasjon for publikum, kan du vere den rette for oss.

Arbeidsoppgåvene vil kunne tilpassast søkars kompetanse. Du må ha god ordenssans og evne til å jobbe sjølvstendig, men også trivast med tidvis høgt arbeidstempo og korte fristar. Du vil bli del av eit lite og lystprega sekretariat med godt arbeidsmiljø og sterk arbeidsvilje. Du kan gjerne ha ein bakgrunn frå økonomi, administrasjon, samfunnsøkonomi, planlegging eller andre relevante fagområde.

 

Arbeidsoppgåver:

Stillinga inngår i sekretariatet og vil i stor grad kunne formast av den kompetansen og dei styrkane som du har. Sekretariatets hovudoppgåver er knytt til saksførebuing, gjennomføring av og oppfølging etter møte på ulike nivå innan Miljøløftet. Dine oppgåver vil vere knytt til å gå inn i dette daglege arbeidet. I tillegg kan det vere aktuelt for deg å arbeide med følgande:

  • Medverke i utvikling og oppfølging av system for mål og resultatstyring (porteføljestyring)
  • Framstille og visualisere data
  • Følge opp og bidra til vidareutvikling av Miljøløftet sine rapporteringsrutinar på økonomi og måloppnåing
  • Bidra i arbeidet med handlingsprogram, budsjett og periodiske rapportar
  • Utgreiingsarbeid
  • Prosessleiing
  • Oppdatere og publisere på Miljøløftet sine nettsider
  • Utvikle og iverksette kampanjar knytt til vegopningar og haldningsskapande arbeid

Arbeidsplass er i Bergen sentrum, i Statens vegvesen sine lokale. Du vil rapportere til sekretariatsleiar for Miljøløftet. Stillinga er knytt til Statens vegvesen Region vest, men sekretariatet er ein uavhengig part i partnarskapen.

Kvalifikasjonar
  • Høgare utdanning, master eller tilsvarande. Manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant praksis og gode personlege føresetnader for stillinga
  • Det er naudsynt med erfaring med vanlege digitale verktøy, spesielt rekneark
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Det er ønskeleg med økonomi i fagkretsen
  • Det er ønskeleg med relevant erfaring med økonomisk analyse og erfaring frå å leie og gjennomføre prosessar
  • Det er ein føremon å ha erfaring frå transport/samfunnsplanlegging og/eller store utbyggingsprosjekt, men dette er ikkje eit krav
  • Erfaring med kommunikasjonsarbeid, inkludert publiseringsløysingar og sosiale media, er ein fordel
  • Det er ein føremon å ha kjennskap til og innsikt i politisk styring og offentleg forvaltning

 

Viss du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)

Personlege eigenskapar

I samspel med kvalifikasjonar vektlegg vi eigenskapar, haldningar og motivasjon. Det blir lagt stor vekt på ønskelege eigenskapar. Vi er på utkikk etter ein kollega som er:

  • Engasjert og har gode samarbeidsevner
  • Strukturert, handlekraftig og effektiv
  • Trivst i eit dynamisk miljø med mange partar
  • God på å formulere deg, både skriftleg og munnleg
  • Sjølvstendig og set deg raskt inn i ulike problemstillingar
Les dette før du søker!

Fyll inn søknadsskjemaet nøyaktig!

På grunn av krava til utvida søkerliste må felta for utdanning og erfaring fyllast ut. Det er ikkje tilstrekkeleg å kun legge ved CV. Legg også ved relevante vitnemål og attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald gjer at vi blir betre på å løyse oppgåvene våre. Vi ønskjer fleire medarbeidarar med funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn og hol i CVen, så om du kan krysse av for dette i jobbsøkerportalen, oppfordrar vi deg til å gjere det. Får du jobben, vil vi naturlegvis leggje til rette for deg om du treng det. Avkrysningane brukast kun til å sørge for at vi velger ut dei rette kandidatane, i tillegg til anonymisert statistikk. Les dette før du krysser av

Søkerlista er offentleg

Åpenheit og gjennomsiktighet i forvaltninga er viktig, derfor vil alle som søker hos oss bli satt opp på den offentlege søkerlista om dei ikke oppgjer ein god grunn. Om du har bede om å ikkje bli sett opp på lista, tek vi kontakt med deg om vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

 

Vi tilbyr

Ein spennande jobb i eit sterkt tverrfagleg miljø

  • Utfordrande og samfunnsnyttige oppgåver
  • Nærleik til politiske avgjersler
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Arbeidsplass sentralt i Bergen
  • Tilrettelegging for fjernarbeid/heimekontorløysingar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid og gode ordningar for avspasering
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Vi ønsker deg velkommen inn i eit tverrfagleg og tverretatleg arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin.

Lønn blir avtalt nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Miljøløftet blir du del av eit engasjert sekretariat som tenker nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du får følge prosessar både administrativt og politisk og får ein spennande arbeidskvardag tett på fleire forvaltningsnivå. Du bidrar til å påverke samfunnsutviklinga, og til å utvikle framtidsretta løysingar. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønsker å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Våre medarbeidarar fortel om spennande arbeidskvardagar, og samstundes god balanse mellom arbeid og fritid.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag. 

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger