Rådgivar analyse

Stillingsbeskrivelse

Forsvarsbygg er den største aktøren i Norge innan eigedom, bygg og anlegg og forvaltar store verdiar og skal gjennomføre omfattande investeringar til Forsvaret sitt framtidige behov.  Forsvarsbygg som organisasjon er også i utvikling og har ambisjon om å vera den beste totalleverandøren av eigedom, bygg og anlegg til forsvarssektoren i fred, krise og krig. 

Forsvarsbygg stab er toppleiinga si strategiske stab. Staben har eit særskilt ansvar for å tilrettelegge for at leiinga har god strategisk styring og driv utvikling av verksemda basert på innsikt, analysar og utredningar. Staben utarbeidar mål, strategiar og planar og gir råd om langsikteg utvikling av forsvarssektoren si eigedomsportefølje og Forsvarsbygg som organisasjon.  

Vi søker no ein ny medarbeidar som vil vere med å utvikle ein kunnskapsbasert totalleverandør av eigedom, bygg og anlegg i forsvarssektoren.  Personen vi ser etter er nysgjerrig og ein strukturert pådrivar for analysearbeid  som vil vere med å bygge opp eit analysemiljø i Forsvarsbygg. Erfaring frå relevant analysearbeid og metodekunnskap er ønskeleg. 

Analysar skal gi betre innsikt og bidra til å utarbeide gode planar og beslutningsunderlag for leiinga. 

Vi søker no etter ein rådgivar/seniorrådgivar analyse. Stillinga rapporterer til fagdirektør. 

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no.  

Arbeidsoppgaver

  • Analysar knytta til utvikling av forsvarssektoren si eigedomsportefølje og Forsvarsbygg som verksemd
  • Utvikling av metodisk tilnærming til analysearbeid
  • Prosess- og prosjektleiing for oppgaver innanfor stabens områder
  • Delta i prosjekt og utviklingsoppgåver innanfor stabens områder
  • Samarbeid med Forsvarets forskningsinstitutt og andre relevante analysemiljøar

Ønskede kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning på masternivå. Bachelorgrad i kombinasjon med relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning på masternivå. 
  • Du må kunne vise til relevant erfaring og konkrete resultat
  • Du har god kompetanse på database- og analyseverktøy
  • Du har kjennskap til politiske prosessar og offentleg verksemd
  • Det er ønskeleg at du har erfaring med prosessleiing
  • Det er ønskeleg med kjennskap til bygge-, eigedoms- og anleggsbransjen og/eller forsvarssektoren
  • Må kunne tryggingsklarerast nivå Hemmeleg/ Nato Secret

Personlige egenskaper

  • Du har evne til å tenke heilheitleg og strategisk
  • Du har gode analytiske eigenskapar
  • Du har ei strukturert arbeidsform 
  • Du har gode relasjonelle ferdigheiter
  • Du kommuniserer godt skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Lønn som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364) fra kr. 573 100 (ltr. 64) til kr. 837 200 (ltr. 81). For særskilt godt kvalifiserte kandidatar kan høgare lønjn vurderast Stillingskode og endeleg lønnsinnplassering vil bli gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar.
  • Faglege utfordringar og varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein sektor i stor utvikling
  • Ein jobb med store moglegheiter for utvikling og læring
  • Engasjerte og dyktige kollegaer som bygger forsvarsevne kvar dag
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
  • Kontorlokaler sentralt i Oslo

Kontaktpersoner

Haakon W. Øberg
Fagdirektør plan og analyse
Telefonnummer: 992 37 658

Hvem er Forsvarsbygg?

Forsvarsbygg er et statlig forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utvikler, bygger, drifter og avhender eiendom for forsvarssektoren. 

I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre deler av offentlig sektor innenfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eiendomsporteføljen vi forvalter, inneholder mange av de mest særegne og krevende bygg i landet: fra de 15 festningene som er tilgjengelige for allmenheten, til militærleirer, skyte- og øvingsfelt og flystasjoner for Forsvaret. Vi har hovedkontor i Oslo med lokasjoner over hele landet, deriblant Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.

Forsvarsbygg har som målsetting at vårt arbeidsmiljø skal preges av tverrfaglighet, mangfold og likestilling. Vi ønsker derfor en virksomhet hvor ansattes alder, kjønn og etnisitet er balansert. Vi ønsker å knytte til oss nye medarbeidere som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlige og faglige kompetanse.

Les mer om Forsvarsbygg og se flere ledige stillinger