Prosjektleiar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 07. april, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Vi har ei ledig stilling på Prosjektledelse IT! Seksjonen har ansvar for fagområdet IT prosjektledelse; det vil seie at IT-prosjekt i Statens vegvesen oppfyller etaten sine vedtekne prinsipp og prosessar for gjennomføring.

Vi utvidar nå teamet vårt med ein ny prosjektleiar med kontorstad Drammen. I Drammen etablerer vi eit stort teknologimiljø i eit nytt og lekkert kontorbygg; Drammen Stasjon Business Center. Kontorbygget vårt er universelt utforma, så om du har ei funksjonsnedsetjing eller bruker hjelpemiddel i arbeidskvardagen, får du det fint her!

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene dine blir å planleggje, koordinere og gjennomføre IT-prosjekt. Du får ansvaret for rapportering av kostnad, tid, omfang, kvalitet, risiko, og gevinst samt dagleg leiing av prosjekt.

Ønska kvalifikasjoner

Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning. Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)

  • Minimum 3 års erfaring som prosjektleiar
  • Prince 2-sertifisering
  • Det er ein fordel med andre prosjektleiarsertifiseringar, for eksempel PMP eller IPMA
  • Det er ein fordel med erfaring med smidige prosjekt
  • Det er ein fordel med kjennskap til endringsleiing og gevinstrealisering

Det er viktig for gjennomføringa av arbeidsoppgåvene at du har god framstillingsevne på norsk, skriftleg og munnleg.

Kven er du?

  • Du er ein omgjengeleg person, som trivest like mye med å jobbe sjølvstendig, som i team. Du er ein relasjonsbyggjer og ein sterk og god lagspelar som liker arbeid i tverrfaglege team.
  • Du er analytisk og strukturert, og vi trur at du òg er glad i å lære!
Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • interne studier og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Om du ønsker meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å kontakte seksjonssjef Ørjan Mathis Tvedt, tlf. 91766659, for ein hyggeleg prat!

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger