Prosjektleiar

Stillingsbeskrivelse

Senter for utbygging, Kystverket

Senteret for utbygging i Kabelvåg har nasjonale oppgåver og har per i dag 17 tilsette. Hovudoppgåva er prosjektering og gjennomføring av utbyggingstiltak i farleier i heile landet. Senteret har spesialkompetanse på høgt nivå innan anleggsteknikk, kontraktsadministrasjon, prosjekt- og byggeleiing, miljø, samt kvalitetssikring og SHA.

Som prosjektleiar ved senteret for utbygging får du ansvar for å utarbeide hovudplan for utbyggingsprosjekt, og ansvar for utvikling og implementering av BIM-verktøy i avdelinga. Dette inneber ansvar for utarbeiding av teikningar og andre nødvendige berekningar.

Stillinga inneber noko reiseverksemd.

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektleiing for ferdigprosjektering av utbyggingsprosjekter
  • Leie og utvikle avdelinga sitt arbeid innan BIM
  • Produsere masseberekningar, teikningar og anna nødvendig arbeidsgrunnlag
  • Deltaking i interne prosjekt- og arbeidsgrupper
  • Andre oppgåver kan tilleggast

Kvalifikasjonar

  • Sivilingeniør eller ingeniør med utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis bygg- eller anleggslinje
  • God framstillingsevne både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Søkjar til stillinga bør ha relevant erfaring frå konsulentkontor, entreprenørverksemd eller offentleg etat
  • Erfaring frå relevante BIM- og teikningsverktøy er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, sjølvstendig og strukturert
  • Analytisk og nøyaktig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Initiativrik 
  • Framtidsretta, engasjert og påliteleg

Vi tilbyr

  • Utfordrande, interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit kollegialt og utviklande fagmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Kystverket er ei IA-bedrift
  • Arbeidsstad i naturskjønne Lofoten
  • Gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning 
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stillinga vert plassert i st.kode 1087 overingeniør iht. Kystverkets lønnspolitiske plan. Startlønn frå kr 532 300 (ltr 60), til kr 640 200 (ltr 70), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring
  • Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hos oss
  • Arbeidsstad for tida Kabelvåg

Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som handsamar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.

Kontaktpersoner

Fridtjof Wangsvik
Regiondirektør Nordland
Telefonnummer: 76069639/95791777
Jostein Bøhlerengen Moe
Avdelingsleiar
Telefonnummer: 995 79 002

Hvem er Kystverket?

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.