Prosjektleiar Tunneloppgraderingsprosjektet Region vest

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 11. juni, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Statens vegvesen har ledig stilling som prosjektleiar for «Tunneloppgradering i Region vest». Dette omfattar europa-og riksveger i fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane. Oppgåva som prosjektleiar vil i hovudsak omfatte leiing av  tunneltiltaka innan dette geografiske området som skal få sikkerheitsmessig opprusting etter forskrifter. Det skjer med deltaking i planlegging, prosjektering, tilbodsinnhenting og oppfølging av bygging. Kontorstad vil vere i  Bergen eller Leikanger.

Som prosjektleiar for dette arbeidet vil du leie gjennomføring av eit av dei mest omfattande  samferdselsprosjekta geografisk, og traffikalt, med både tilrettelegging og oppfølgjing av mange kontraktar på ombygging av eksisterande tunnelar.

Arbeidsområde

Som prosjektleiar vil du få ansvar for gjennomføring av prosjektet «Tunneloppgradering». Det er eit prosjekt som er utfordrande, både i forhold til oppbygging av kontraktar så vel som å vere til stades over eit stort geografisk område. Trafikkavvikling og HMS-arbeid er viktige og førande element knytta til mange av dei aktuelle tunnelane.

Prosjektet vil bli utfordra på å bruke ulike kontraktsformer som passar kvar av tunnelane  best.

Prosjektet omfattar totalt 108  tunnelar over 500 m. Av desse er 54 stk på TEN-T vegnettet (E16 og E39) og resterande 54 stk på «andre» riksvegar. Pr mai 2019 er 9 tunnelar ferdig på E16/E39 og 5 tunnelar på andre riksvegar. Alle 108 tunnelar er i hovudsak bygt mellom ca 1980 og 2006. Framdrifta av arbeidet er, først og fremst, knytta opp mot eit EU-direktiv som går på det trans-europeiske vegnettet (TEN-T), dernest i forhold til andre riksveger etter føringar gitt frå Vegdirektoratet. Ramma er ferdigstilling av tunnelane i løpet av 2021. Samstundes er det klart at prosjektet vil måtte bli ført vidare etter 2021 i forhold til «andre riksvegar».

Du må rekne med nær kontakt med Statens vegvesen regionvegkontor, etter 2020 Utbyggingsdivisjonen, så vel som både dagens og nytt Vegdirektorat etter 2020. Vidare  kommunar og fylkeskommune, samt brukarane av vegnettet. Prosjektet har til tider stor mediamessig interesse.

Noverande prosjektleiar, som blir pensjonist i løpet av året, har bygt  opp ein organisasjon rundt seg med ulik  kompetanse så vel innan anleggsfag og elektro så vel som støttefunksjonar. Du  må  vurdere denne staben som må tilpassast det å ha ansvar  for  gjennomføring av oppgåva. 

Stillinga er utfordrande og stiller høge krav til deg både når det gjeld leiarkompetanse og til di evne til samarbeid med administrative og politiske organ. I tillegg har prosjektet  mediamessig interesse. 

Du vil organisatorisk bli lagt direkte under prosjektsjef i prosjektavdelinga i Statens vegvesen Region vest. Etter 2020 vil du tilsvarande få ein person som prosjekteigar som du som prosjektleiar vil bli underlagt.

Kvalifikasjonar:

  • Du må ha utdanning frå universitets- eller høgskulenivå, minimum 5 år, og god kompetanse innan prosjektleiing og relevante tekniske fag. Dersom du har allsidig praksis innan dei aktuelle områda, og elles gode personlege føresetnader, kan kravet til formell utdanning fråvikast. 
  • Vi søkjer deg som ein initiativrik og resultatorientert person med erfaring frå leiing av store plan- og byggjeprosessar. Erfaring med tunneldriving og drift/vedlikehaldsoppgåver samt evne til koordinering og styring på framdrift vil vere viktig. Du bør vere utadvent, konstruktiv, ha evne til samarbeid og god kommunikasjon, samt hente fram kunnskap i og utvikle medarbeidarane.
  • Du må og rekne med at portefølgjen av tunnelar vil vere i ulik fase slik at du til ei kvar tid klarer å ha ulikt fokus for at din organisasjon skal vere best muleg rasjonell og effektiv. Du har stor kontaktflate i bransjen og kunnskap om elektro og styringssystem. Det er eit pluss om du kjenner til Statens vegvesen sine system.
  • Du må kunne kommunisere på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Du må ha førarkort kl.B
  • Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).
  • Stillinga krev at du er sikkerheitsklarert eller at du kan bli det.

Lønnsvilkår

Løn etter avtale i samsvar med etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2% av løna til Statens pensjonskasse. Det vil bli gitt fast overtidstillegg.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleg sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil søkjar bli varsla om det. 

Dersom du vil vere med på eit spennande prosjekt, søkjer du stillinga via vår jobbportal  www.vegvesen.no/jobb, utlysingsnr. 3-020-19.Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleg sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil søkjar bli varsla om det. 

Dersom du vil vere med på eit spennande prosjekt, søkjer du stillinga via vår jobbportal  www.vegvesen.no/jobb, utlysingsnr. 3-020-19.

Kontaktpersoner

Kjartan Johan Hove
Prosjektsjef
Telefonnummer: 57655708
Mobil: 90110586

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger