Prosjektleiar og porteføljekoordinator - Senter for utbygging

Stillingsbeskrivelse

Senter for utbygging i Kabelvåg har i dag 19 tilsette. Hovudoppgåva er prosjektering og gjennomføring av utbyggingstiltak i fiskerihamner og farleier i heile landet. Du får ansvar for å koordinere prosjektporteføljen, samt leie prosjekt innanfor gjevne rammer for tid, økonomi og kvalitet. Senteret har spesialkompetanse på høgt nivå innan anleggsteknikk, kontraktsadministrasjon, prosjekt- og byggeleiing,samt kvalitetssikring og HMS. Du får mykje kontakt med Kystverkets utbyggingsnettverk, kommunar, andre offentlege etatar, grunneigarar og interessegrupper.

 

Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben.

 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for koordinering og oppfølging av prosjektporteføljen ved senteret.
  • Prosjektleiing av hamne- og farleistiltak, i planleggings- og gjennomføringsfasen.
  • Deltaking i prosjekt- og arbeidsgrupper.
  • Lista er ikkje uttømmande.

 

Kvalifikasjonar

  • Sivilingeniør eller ingeniør med utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis bygg- eller anleggslinje.
  • Søkar må ha erfaring frå planprosessar og gjennomføring av større bygge- og anleggsprosjekt.
  • Søkar bør ha minimum 5 års relevant praksis frå rådgjevingskontor, entreprenørverksemd, offentleg etat eller privat verksemd.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå koordinering av prosjektportefølje.
  • Det er nødvendig med førarkort for bil.

 

Språk

  • Norsk
  • Engelsk

 

Eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter.
  • Sjølvstendig med evne til å ta initiativ.
  • Kontaktskapande.
  • God evne til å jobbe strukturert og målretta.
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner.
  • Høg arbeidskapasitet og stor gjennomføringsevne.

 

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Utfordrande, interessante og varierte arbeidsoppgåver.
  • Eit kollegialt og utviklande fagmiljø.
  • Gode velferdsordningar.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Kystverket er ei IA-bedrift.
  • Arbeidsstad i naturskjønne Lofoten.
  • Gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning.
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Stillinga vert avlønna i st.kode 1087/1181 som overingeniør/senioringeniør etter statens lønnsregulativ, brutto frå kr. 494 800,- til kr. 704 800,-.

Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Difor vil vi ha mest mogleg jamvekt mellom kvinner og menn og mellom eldre og yngre. Vi ønskjer og å rekruttere personar med funksjonshemming eller innvandrarbakgrunn.

Kontaktpersoner

Fridtjof Wangsvik
Regiondirektør
Telefonnummer: 957 91 777
Jostein Bøhlerengen Moe
Avdelingsleiar
Telefonnummer: 995 79 002

Hvem er Kystverket?

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.