Prosjektleiar investeringsprosjekt

Stillingsbeskrivelse

I Statens vegvesen Region vest, Vegseksjon Bergensområdet, har vi ledig stilling som prosjektleiar. Seksjonen løyser store og små investeringsprosjekt, samt drifter og vedlikeheld  riks- og fylkesvegane i Bergen og sju andre kommunar.

Vi er i dag om lag 60 tilsette og har kontorstad i Bergen sentrum.

 

Arbeidsoppgåver

Stillinga som prosjektleiar for investeringsprosjekt i Bergensområdet inneber at du har det overordna  ansvaret for ei prosjektportefølje på mellom 100-200 mill pr år. Dette inneber at du:

  • Syter for etablering av prosjektgrupper med interne og eksterne ressursar
  • Har det overordna ansvaret for  planlegging og rapportering innan kvalitet, framdrift og økonomi
  • Deltek i byggemøter ved behov
  • Avvikrapportering

Du har økonomiansvar for prosjekta og fagleg ansvar for dei byggjeleiarane og kontrollingeniørane i di gruppe. Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen. 

 

Kvalifikasjonskrav

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år.  Dersom  du har sterk og allsidig praksis frå fagområdet eller etterutdanning, kan vi fråvike kravet om høgare utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Det er ønskeleg med allsidig erfaring frå byggje-/prosjektleiing, og gjerne erfaring frå veganlegg.  God kjennskap til data som arbeidsverktøy.  Du må ha førarkort kl. B.

Vi vektlegg:

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig 
  • Erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til kontraktarbeid
  • Ryddig, strukturert skriftleg framstillingsevne
  • God samarbeidsevne og tverrfagleg interesse
  • Trivast med lagarbeid og kan skape gode resultat saman med andre.
  • At du aktivt er med å skape et triveleg og godt arbeidsmiljø

 

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt.

Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord,  sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla

Kontaktpersoner

Arild Hegrenæs
Seksjonsleiar
Telefonnummer: (+47) 55 51 62 27

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger