Prosjektleiar for Utbygging Indre Sogn/Nærøydalen

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 22. august, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsomtale

I Statens vegvesen er det ledig stilling som prosjektleiar for bygging av tunnel mellom Hylland og Sleen (Nærøydalen) i Vestland fylke.

Utbyggingstiltaket vil omfatta tiltak i indre nordlege deler av Vestland fylke, og i første omgang konkret prosjektet i Nærøydalen. Dette er eit tunnelprosjekt, men utover det kan det variere mellom ulike typer tiltak.

Prosjektorganisasjonen blir lagt under Utbyggingsområde vest i Utbyggingsdivisjonen med kontorstad på Leikanger.

Arbeidsoppgåver

Du vil få det overordna ansvaret for alle tiltaka som vert plasserte til denne organisasjonen, og for å byggje opp eit godt og fungerande fagmiljø for å kunne gjennomføre aktuelle tiltak. Du vil ha personalansvar, og du må ha evne til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte og syte for at dei utviklar seg. Du skal leie arbeidet med sikring av grensesnitt, ressursutnytting og synergiar på tvers.

Som leiar er det viktig at du:

  • kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • engasjerer medarbeidarar og samarbeidspartnarar til å tenkje i framtidsscenario, og vurdere kva krav dette stiller til det som skal leverast til ei kvar tid
  • samhandlar med eksterne organisasjonar og media på ein positiv måte for prosjekta
  • er resultatorientert og oppteken av å nå prosjekta sine mål
  • innbyr til tillit overfor entreprenørar og samarbeidspartar
  • kan byggje ein god og velfungerande organisasjon rundt deg

Kvalifikasjonskrav

Kven er du?

  • Du har 5-års ingeniørutdanning frå universitetet. Omfattande og relevant erfaring med prosjektleiing, eller aktuelle fagområde, kan kompensere for manglande formell utdanning ut over minimum 3-års utdanning frå universitet eller teknisk høgskule
  • God fagleg tyngd frå gjennomføring av samferdsleprosjekt er ein fordel, men det er like viktig at du kan handtere ulike samarbeidspartar på ein god måte
  • Du har kunnskap om regelverk innan relevante fagfelt og er godt kjend med handtering av å få arbeid utført etter kontrakt
  • Du har tilsvarande leiarerfaring frå store prosjektorganisasjonar
  • Du er godt kjend med byggherrerolla
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert
  • Du har førarkort klasse B

Stillinga føreset godkjend sikkerheitsklarering eller at slik kan gjevast

Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • interne studier og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Dersom du ønskjer meir utfyllande opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du kontakte prosjektdirektør Kjartan Hove på mobil 901 10 586.

Kontaktpersoner

Kjartan Hove
Prosjektdirektør
Telefonnummer: +47 576 55 708

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag. 

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger