Prosjektleiar Bussvei

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 01. juni, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Prosjektleiar for utbygging av Bussvei prosjektet

Bussvei er den store kollektivsatsinga som byregionen på Nord-Jæren skal gjennomføre i åra som kjem. Planlegginga av dei ulike etappane i prosjektet er komme langt, og i dei komande åra vil utbygginga av prosjektet setje sitt preg på regionen. Vi skal bygge til saman over 50 kilometar med bussfelt, og vi søkjer ein dyktig prosjektleiar til å styre og koordinere utbygging av prosjekt Bussveien.

Prosjektet skal òg gi gode løysningar for dei som går og syklar. Dette er i tråd med overordna målsetting om at all vekst i persontransport i byområdet skal skje gjennom kollektiv, gange og sykkel. Bussveien bind saman viktige regionale målpunkt som Risavika, Stavanger sentrum, Forus og Sandnes sentrum.

Rogaland fylkeskommune har ansvaret for mellom anna markedsføring, profilering og innkjøp av nytt bussmateriell. Statens vegvesen har fått ansvaret for planlegging og bygging av infrastrukturen i prosjektet. Med denne ansvarsdelinga er eit tett og godt samarbeid med Rogaland fylkeskommune viktig.

Stillinga her gjeld den utførande fase og er knytt opp til Investeringsseksjonen i Vegavdeling Rogaland. Investering har ansvar for større og mindre investeringsprosjekt i Sør- Rogaland.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Bussveien består av fleire deletappar. Nokon få deler av prosjektet er ferdig bygd, noko er under gjennomføring, men i all hovudsak er store delar av bygginga igjen. Som prosjektleiar Bussvei vil du få ansvar for å styre og koordinere prosjektet i den utførande fase, og du vil ha ei nøkkelrolle for den samlande gjennomføringa av prosjektet.

Delprosjekta blir leia av dyktige delprosjektleiarar. Du vil ha ein samla paraplyfunksjon i forhold til delprosjektleiarane, med den hensikt å sikre den raude tråden gjennom dei ulike delprosjekta. Det er avgjørande å få ein god og velfungerande koordinering og kommunikasjon med delprosjektleiarane.

Å bygge et så stort prosjekt som Bussveien betyr krav til framdrift, økonomistyring og rapportering til seksjonsleiar Investering og andre.   

Prosjektleiar Bussvei får ei nøkkelrolle i å sikre god overgang og informasjonsflyt mellom planfasen og byggefasen, samt følge opp samarbeidet med Rogaland fylkeskommune. Tett dialog mellom dei involverte partane er viktig for ei god gjennomføring av delprosjekta.

Du kommer til å samarbeide tett med fagpersonar på tvers av dei ulike seksjonane i avdelinga. Du vil òg ha tett kontakt med seksjonsleiar Investering og andre utpekte personar.

Mange er interessert i bygginga av Bussveien. Det ligg derfor mykje i stillinga å kunne handtere media, samt ha kontakt med politikare.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har høgare utdanning, min. 5 år. Erfaring frå samferdselsprosjekt, hovudsakleg frå utførande fase, vil bli vektlagt.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan ein fråvike kravet til utdanning.

Stillinga er utfordrande og stiller høge krav til prosjektstyrings- og leiarkompetanse og samarbeid med administrative og politiske organ på alle nivå.

Som prosjektleiar er det viktig at du kommuniserar og samhandlar godt, ser løysningar og viser handlekraft gjennom fagleg styrke. Du er analytisk, sjølvstendig og god til å samarbeide med andre.

Evne til å skape eit godt arbeidsmiljø er viktig for denne stillinga.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og kompetent fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Søknad

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje vil vi varsla søkjar om dette.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Meir utfyllande informasjon om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du få ved å kontakte seksjonsleiar Harald Bøhn på mobil 92610412.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger