Prosjektkoordinator

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 07. mai, 2021. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Teknisk avdeling forvaltar Helse Bergen sin eigedomsmasse og dei allmenntekniske anlegga. I tillegg til bygningsmessig drift og vedlikehald har avdelinga ansvar for teknisk infrastruktur og uteområde. Avdelinga har drifts- og vedlikehaldsoppgåver i forhold til ei rekkje avdelingsvise produksjonsutstyr, og avdelinga yter ulike former for service som ikkje direkte høyrer under drift- og vedlikehald.

Leiinga ved Teknisk avdeling er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Dei tilsette er i hovudsak lokalisert på Haukeland, men ca. 25 av avdelingas tilsette er lokalisert ved Sandviken sjukehus, Voss sjukehus og Kysthospitalet i Hagevik. Bygningsmassen i Helse Bergen er om lag 450 000 m2. 

Bygningsseksjonen er ein eigen seksjon i Teknisk avdeling og skal ivareta fagleg kompetanse innan ulike fagdisiplinar som mellom anna vvs, elektro og bygg, samt leie prosjekt i regi av Teknisk avdeling. Bygningsseksjonen bistår i den operasjonelle drifta i form av rådgiving og skal ivareta at Teknisk avdeling utfører oppgåver i tråd med myndigheitskrav. Seksjonen har vidare ansvar for drift-, vedlikehald- og forvaltingsplanar og skal representere Teknisk avdeling i dei større utbyggingsprosjekta i Helse Bergen. 

Vi har ledig ein 100% fast stilling og vi søkjer ein dyktig prosjektkoordinator. Startdato i stillinga etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinator si rolle blir å representere alle faga, dvs bygg, elektro, vvs, brann,  miljø/energi og system i Teknisk avdeling, for å sikre god dialog og samspel mellom drift, forvalting og prosjekt som blir iverksett i Helse Bergen.
  • Koordinator vil delta i prosjektarbeid i tidlegfase med faglege innspill og bidra til at prosjekta tar hensyn til viktigheten av effektiv drift, vedlikehald og energiforbruk
  • Koordinatoren skal bidra med å utarbeide planar for vedlikehald, og utarbeide prosedyrar for bruk i Teknisk avdeling

Prosjektkoordinator vil:

  •   delta i prosjekteringsmøte på vegne av seksjonsleiarar/fagansvarlege innan teknisk drift
  •   delta i byggefase og arrangere interne inspeksjons- og kontrollrundar der driftspersonell blir invitert med på byggeplassen - både for opplæring og for å sikre at
  •     løysingar og kvalitet er tilfredsstillande
  •   følgje med på at overtakingsprosessen blir gjort korrekt, både med tanke på å sikre ferdigbefaringar med fagansvarlege, dokumentasjon og opplæring
  •   kvalitetssikre innhaldet i FDVU-dokumentasjon i samråd med dei fagansvarlege
  •   koordinere og bistå faga med reklamasjonsoppfølging etter ferdigstilte prosjekt
  •   utarbeide høyringsinnspel og bestillingar frå andre partar
  •   sørgje for at dei faglege kravspesifikasjonane blir oppretta revidert jamnleg, samt leie arbeid med å ferdigstille nye kravsspesifikasjonar

Kvalifikasjonar

  • Gode kunnskapar og erfaringar med relevante dataverktøy for oppfølging 
  • Minimum bachelor innan byggtekniske eller andre relevante fag
  • Gode kunnskapar i norsk og god skriftleg formuleringsevne
  • Ønskjeleg med erfaring med tilsvarande oppgåver frå anna verksemd
  • Erfaring med å jobbe på tvers i ein organisasjon, også tverrfagleg
  • Vere strukturert, arbeide sjølvstendig  og systematisk og kunne dokumentere arbeidet
  • Vere ein pådrivar        

Personlege eigenskapar

  • Omgjengeleg og nysgjerrig
  • Ser heilskapen - kundeperspektivet - serviceminded
  • Gode analytiske evner - kunne sjå system i samanheng
  • Kommuniserer godt verbalt og skriftleg 
  • Engasjert og tar initiativ

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Personalbarnehage
  • Kompetanseutvikling
  • Introduksjonskurs
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Kontaktpersoner

Sophie Dedakam Kryvi
Seksjonsleiar
Mobil: 920 38 044

Hvem er Helse Bergen?

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.