Prosjektingeniør, TONe

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 15. mai, 2022. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsomtale

Sjølv på dei mest vêrharde og bortgøymde plassane har vi observatorium og teknisk utstyr. Er du vår nye kollega som skal ta vare på desse?

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som ingeniør i seksjon for teknisk støtte i operasjons- og logistikkavdelinga. Seksjonen støttar heile instituttet med eit vidt spekter av tekniske oppgåver, blant anna i forskingsprosjekt og på dei ulike stasjonane våre i nord og sør.

Stillinga høyrer til prosjektet TONe (Troll observasjonsnettverk), som nyleg fekk midlar frå Forskingsrådet for å byggje opp ny forskingsinfrastruktur ved Troll forskingsstasjon i Antarktis. Infrastrukturen består av åtte ulike observatorium, ei teneste og eit datasystem. Polarinstituttet leiar infrastrukturprosjektet med fem andre norske og tre utanlandske samarbeidspartnarar.  Du vil vere ein del av prosjektleiinga og ein nøkkelperson for implementeringa av TONe.

Arbeidsstaden din vil vere Tromsø. Under implementeringa vil du ha lengre arbeidsopphald i Antarktis (ein-to månader, mellom november og mars).

Arbeidsoppgåver

Som ingeniør for TONe skal du bidra til å etablere infrastrukturen på og rundt Troll forskingsstasjon i Antarktis. Sentrale arbeidsoppgåver for stillinga vil vere å:

  • bidra til å etablere polarinstituttet sine observatorium i TONe
  • gi støtte, ved behov, til samarbeidspartneranes observatorium
  • bidra til å bygge opp dronetenesta
  • ha rolla som teknisk bindeledd mellom prosjektleiinga i TONe, antarktisseksjonen i NP og (interne og eksterne) infrastruktureigarar
  • ha ansvar for å halde oversikt over og dokumentere tekniske aspekt for alle observatorium i TONe

Du vil også få andre oppgåver i seksjonen. Seksjonen gir blant anna teknisk støtte på tokt med forskingsfartøyet Kronprins Haakon, til våre forskingsstasjonar på Svalbard og ei rekke andre forskingsprosjekt.

Kvalifikasjonar

For stillinga krevst:

  • ingeniørutdanning på masternivå eller mastergrad innan tekniske/naturvitskapleg fag (helst elektrofag). Lang relevant arbeidserfaring frå det aktuelle fagområdet vil i spesielle tilfelle kunne vege opp for utdanningskravet.
  • røynsle med elektronikk og data
  • røynsle frå prosjektarbeid
  • gyldig førarkort for bil

Vi ønskjer at du har røynsle med:

  • programmering (C, Matlab, Pyton og C#), databasar og webapplikasjonar, industriell datakommunikasjon, elektronikk, PLS og datainnsamling
  • teknisk støtte til forskingsarbeid
  • å jobbe i polare strøk
  • vitskapleg instrumentering og/eller datastraumar
  • bruk av risikovurderingar og sikkerheitsprosedyrar
  • prosjektleiing

Du vil til tider jobbe under krevjande forhold, spesielt i Antarktis. Vi vil derfor leggja stor vekt på personlege eigenskapar. Måten vi arbeider på krev at du blant anna må vere sjølvstendig, strukturert og ryddig, ha gode samarbeidsevner og vere løysingsorientert. Du vil til tider vere langt frå allfarveg, så du må vere allsidig og kanskje litt kreativ for å finne gode løysningar. Utfordrande arbeidsforhold krev god fysisk form og helse, du må derfor også bestå helsesjekk etter retningslinjene våre.

Sidan du vil vere i kontakt med mange ulike typar menneske er det viktig at du kommuniserer godt skriftleg og munnleg på både norsk og på engelsk. Arbeidsspråket vårt er norsk.

Dette kan vi tilby

  • fast stilling med arbeidsstad Tromsø
  • interessante og spanande arbeidsoppgåver i eit internasjonalt miljø
  • lønn etter statens regulativ i kode 1087 overingeniør eller kode 1181 senioringeniør, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. Det blir trekt 2% til Statens Pensjonskasse.
  • gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens Pensjonskasse

Mangfald er viktig for oss. Om du er kvalifisert for stillinga, er du velkommen som søkar uansett kjønn, alder, kulturell bakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi rapporterer på dei to siste, så det vil kunna brukast i rapporteringa til regjeringas inkluderingsdugnad. Vi oppfordrar kvinner til å søke.

Det er spesielle helsekrav til denne stillinga, blant anna fordi delar av jobben skal utførast under unormale forhold. Det gjer at tilrettelegging av arbeidsplassen kan vera vanskeleg, men vi vurderer det alltid.

For å sikra ein god rekrutteringsprosess vil vi gjennomføra bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar for stillinga. Det er med på å sikra at vi rekrutterer rett kompetanse og bidrar til ei rettvis evaluering av søkarane. Bakgrunnssjekken består ofte av verifisering av oppgitte opplysningar i søknad, CV, vitnemål, mv. gjennom intervju, referanseintervju, søk i opne kjelder eller liknande.

Søknad

Spørsmål om stillinga kan rettast til seksjonsleiar, teknisk støtte Stig Flått, stig.flatt@npolar.no, tlf. +47 904 07 444, eller seniorrådgivar/prosjektleiar TONe Christina A. Pedersen, christina.pedersen@npolar.no, tlf. +47 917 35 559.

Søknadsfristen er 15. mai 2022.

Søknad med relevante kvalifikasjonar og erfaring, CV, kopi av sertifikat, vitnemål og attestar, og namn på minst tre referansar må registrerast i www.jobbnorge.no. Vedlegg skal registrerast saman med søknaden i Jobbnorge.

All informasjon blir behandla konfidensielt fram til søknadsfristen går ut. Instituttet utarbeider så ei offentleg søkarliste. Søkarar som ikkje ønskjer å stå på lista, må grunngje dette særskilt i søknaden. Etter offentleglova kan opplysningar om søkaren gjerast offentlege sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25, andre leddet.

Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.

Kontaktpersoner

Christina A. Pedersen
Seniorrådgivar/prosjektleiar TONe
Telefonnummer: +47 917 35 559
Stig Flått
Seksjonsleiar, teknisk støtte
E-postadresse: stig.flatt@npolar.no
Telefonnummer: +47 904 07 444

Hvem er Norsk Polarinstitutt -?

Norsk Polarinstitutt er eit direktorat under Klima- og miljødepartementet og har ca. 160 tilsette i Tromsø, på Svalbard og i Antarktis. Polarinstituttet driv naturvitskapleg forsking, kartlegging og miljøovervaking i Arktis og Antarktis.

Instituttet er fagleg og strategisk rådgivar for staten i polare spørsmål, representerer Noreg i fleire samanhengar og er den norske miljøstyresmakta i Antarktis.

Les meir på www.npolar.no.