Prosjektingeniør/ arealplanleggar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 03. november, 2017. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

I Ørsta kommune er det ledig 100 % fast stilling som prosjektingeniør/ arealplanleggar. 

Stillinga er for tida i seksjon tekniske tenester som har mange spennande og interessante planoppgåver, slik som: 

tettstadsutviklingsprosjekt, områdeplanar, regulering av nye bustadfelt / industri-næringsareal, masterplan næring og turisme, revisjon av kommuneplanen sin arealdel og vegplanar og samarbeidsprosjekt med Statens Vegvesen om E 39.

 

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:

  • Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
  • Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
  • Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
  • Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Stillinga er plassert i kap. 5,  Stillingskode etter kvalifikasjonar

 

Stillinga vil i utgangspunktet vere målretta inn mot effektiv produksjon knytt til arbeid med fysisk planlegging og produksjon av reguleringsplanar, kommuneplanlegging og sakshandsaming etter plan- og bygningslova. 

Vi søkjer etter person med relevant ingeniør- og planfagleg bakgrunn (min. 3 årig høgskuleutdanning). Ingeniør, sivilingeniør, sivilarkitekt eller jurist vil vere aktuell bakgrunn. Vi søkjer etter erfaring med relevant IKT-verktøy og gjeldande standardar innan fagfeltet. Det er ein føresetnad at søkjarane har erfaring frå arbeid med plankonstruksjon etter plan- og bygningslova. Kommunen nyttar for tida GIS/LINE og Gemini terreng som kartforvaltnings- og konstruksjonsverkty. 

 

Ved tilsetting vil det vidare verte lagt vekt på om søkjaren: 

  • meistrar god munnleg, skriftleg og visuell framstilling av informasjon. Kommunen nyttar nynorsk som målform 
  • er utviklingsorientert, fleksibel, serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner 
  • kan arbeide målretta, systematisk, sjølvstendig og resultatorientert 

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vil verte vektlagde. 

Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Ved intervju og ved tilsetjing skal det leggjast fram rettkjend dokumentasjon av vitnemål og attestar. Gruppeintervju kan verte aktuelt å nytte.

Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. 

Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. 

Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette.

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet, som du finn lenkje til på heimesida. 

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Kopiar av vitnemål og attestar skal sendast som e-post i ei  pdf-fil til postmottak@orsta.kommune.no  eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta. 

Søknaden med vedlegg vert ikkje returnert. Desse vert makulerte etter tilsetjing. 

 

Om offentleg søkjarliste

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve til prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

 

Kontaktpersoner

Rolf-Magnus Sundgot
Seksjonsleiar
Telefonnummer: 996 34 300

Hvem er Ørsta Kommune?

Ørsta kommune er med 10 500 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal og er plassert i hjarte av Sunnmørsalpane. Kommunen har eit variert næringsliv og har gode kommunikasjonar. Flyplass med direkteruter til Oslo og Bergen. Ørsta kommune er i god utvikling og ynskjer ein leiar som tek aktivt leiarskap for teknisk planlegging og framdrift. Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar: Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap Seksjonen har 44 årsverk i tillegg til deltidtilsette i brannvernet. Brann og redning, kommunalteknikk og byggesak har eigne einingsleiarar som rapporterer til seksjonsleiaren. Det er god kompetanse i alle ledd.