Prosjektering og oppfølging av sikringstiltak

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

NVE har eit viktig samfunnsansvar i å førebyggje skadar frå flaum, skred og overvatn. Vi hjelper kommunane gjennom uttale til arealplanlegging, og vi planlegg og gjennomfører sikringstiltak i særleg utsette område med busetnad. Ved skadeflaum og andre hendingar i vassdraga, og ved skredhendingar, er vi faglege rådgjevarar for politi og kommunar.

I Region Vest i Førde er det ledig fast stilling med oppgåver innan prosjektering av sikringstiltak. Både kartlegging av flaum- og skredfare og faktiske hendingar gir behov for prosjektering av flaum- og erosjonssikringstiltak, og prosjektering etter kartlagt fare. Prosjektering består mellom anna av hydrologiske og hydrauliske utrekningar, val av tekniske løysingar og dimensjonering av desse etter gjeldande regelverk og retningsliner. Andre aktuelle oppgåver vil vere handsaming av tiltak etter plan- og bygningslova (byggesak), innkjøp og oppfølging av innkjøp, og bidrag inn mot løpande prosjektarbeid.

Ved kontor i Førde er vi i dag 37 tilsette med eit høgt tverrfagleg kompetansenivå og vi har eit inkluderande arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt.

Region Vest omfattar dei to fylka Møre og Romsdal og Vestland, der vi mellom anna arbeidar med utfordringar innan flaum –og skredsikring. Avhengig av søkars kvalifikasjonar kan det òg vere aktuelt med oppfølging av gjennomføring av tiltak (byggeleiing).

Arbeidsoppgaver

  • prosjektering av tiltak mot flaum, erosjon og vassdragsrelaterte skred
  • innkjøp og oppfølging av innkjøp
  • informasjon og fagleg rettleiing til konsulentbransje og kommunar
  • ev. oppfølging av gjennomføring av tiltak (byggeleiing)
  • fagleg rådgjeving til politi og kommunar i samband med skred- og flaumhendingar
  • du må rekne med noko reiseverksemd

Ønskede kvalifikasjoner

  • sivilingeniør/master i byggfag; gjerne innan fagområda hydrologi, hydraulikk, vassdragsteknikk, vass- og avløpsteknikk
  • erfaring frå prosjektering innan dei nemnde fagområda er ynskeleg, eventuelt òg erfaring frå gjennomføring av bygge- og anleggsprosjekt. Brei og god fagleg relevant erfaring kan vege opp for formelt utdanningskrav
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • førarkort klasse B

Personlige egenskaper

  • vi søkjer ein skarpskodd, tiltaksam og ihuga fagperson som likar å finne løysingar.
  • han eller ho må vere godlynt og arbeide godt så vel i lag som åleine.
  • det vert lagt betydeleg vekt på om du er personleg eigna.

Vi tilbyr

  • fast heiltidsstilling
  • arbeidsoppgåver med stor samfunnsmessig interesse
  • eit kompetent og breidt samansett fagmiljø
  • gode arbeidstidsordningar (sommartid, fleksitid)
  • familievennleg og fleksibel personalpolitikk
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse (SPK)
  • Stillinga vert lønna innan spennet kr 460.000 - kr 700.000 som avdelings-/over-/senioringeniør (1085/1087/1181). For særs godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Endeleg lønn er avhengig av kvalifikasjonar. Kompensasjon for overtid og reisetid. Pensjonsinnskot vert trekt frå lønna etter gjeldande reglar.

I NVE har vi eit tverrfagleg miljø med medarbeidarar frå over 20 nasjonar. Staten legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn. NVE er ei IA-bedrift og vil legge tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Legg ved vitnemål og attestar elektronisk. Søknadspapira vert ikkje returnert.

Om du ynskjer å reservere deg frå ei offentleg søkjarliste må du grunngi dette. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å verte unnateke søkjarlista. Om ynskjet om reservasjon ikkje vert teke til følgje vil søkjaren verte varsla før ev offentleg søkjarliste vert utforma.

Kontaktpersoner

Brigt Samdal
regionssjef
Telefonnummer: 90748238
Kathrine Berg Nilsen
HR-kontakt
Telefonnummer: 22 95 98 62
Siss-May Edvardsen
sjefingeniør
Telefonnummer: 95290114

Hvem er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)?

Vil du jobbe tett på Norges vann- og energiressurser? Som ansatt i NVE kan du være med å påvirke hvordan disse viktige ressursene blir brukt i fremtiden.

NVE må håndtere mange utfordringer i årene som kommer. Klimaendringene, fornybar energi, sikker strøm­forsyning, flom, skred og internasjonalisering av bransje og regelverk er eksempler på dette. NVE har hovedkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har vi fjellskredovervåking på Stranda og i Kåfjord.

Les mer om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og se flere ledige stillinger