Prosjekt- og byggjeleiar

Stillingsbeskrivelse

Sweco på Voss har åtte høgt kvalifiserte medarbeidarar innanfor faga akustikk, VA, VVS og prosjekt- og byggjeleiing. Me er i dag tre kollegar som arbeidar med prosjekt- og byggjeleiing på Sweco Voss. Her vil du møte eit godt og motiverande arbeidsmiljø som legg vekt på ansvarlegheit, kompetanse og gode relasjonar.

Voss er ei naturperle med utfordrande, vakker vestlandsnatur. Her er det gode høve til rikt og aktivt friluftsliv heile året, til dømes i to store alpinanlegg, langrennsarena, elvar og fjell. Bygda har eit breitt spekter av kultur- og idrettstilbod. Ekstremsportveko og Vossa Jazz er nokre av dei årlege høgdepunkta. Voss er ein god stad å veksa opp med korte avstandar og mange gode møteplassar. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Me har tett og god dialog med vårt regionkontor i Bergen med 250 medarbeidarar.

På grunn av aukande oppdragsmengde ynskjer me no å tilsetja ein ny medarbeidar på prosjekt- og byggjeleiing.

 

Som vår nye prosjekt- og byggjeleiar vil du i hovudsak verta engasjert i prosjekt i Voss, Hardanger og Sogn.

 

Nokre av dine arbeidsoppgåver kan vere:

  • Utføra prosjekt- og byggjeleiing innan eit eller fleire av fagområda bygg, samferdsel og kraft.
  • I samarbeid med oppdragsgjevarane våre, utvikla prosjekt som tek vare på kunden sine behov.
  • Sikra forsvarleg økonomi og framdriftsstyring i prosjekta.
  • Utarbeide tilbod og bidra til å selja inn prosjekt.
  • Styrkja prosjekt- og byggjeleiarkompetansen og miljøet på Voss.

 

DIN BAKGRUNN

  • Du er sivilingeniør/ingeniør med minst fem års røynsle innan relevant fagfelt.
  • Du har røynsle frå rådgjevar, entreprenør, byggherre eller offentleg sektor.
  • Du har førarkort for bil.

 

DINE EIGENSKAPER

  • Du er entusiastisk, omgjengeleg og positiv, og likar å skapa gode resultat.
  • Du er sjøldreven og beslutningsdyktig.
  • Du kommuniserer klart og tydeleg og er dyktig til å skapa gode relasjonar til kundar og kollegaer.
  • Du snakkar og skriv godt norsk.

 

DETTE KAN ME TILBY

  • Ansvarsfulle oppgåver i spennande prosjekt.
  • Eit sterkt lokalt fagmiljø med svært kompetente kollegaer og leiarar.
  • Eit fleksibelt, uformelt og sosialt godt arbeidsmiljø.
  • Utvikling innanfor fag, leiing og prosjektarbeid.
  • Gode ferie og personalordningar.
  • Konkurransedyktige lønsvilkår.

 

Søknadene vurderast fortløpande.

Kontaktpersoner

Frode Atterås
Gruppeleiar Sweco Voss / Seniorrådgjevar Akustikk
E-postadresse: frode.atteras@sweco.no
Telefonnummer: +47 92407688

Hvem er Sweco Norge?

Vil du være med å forme fremtidens byer og samfunn? Da er Sweco stedet for deg. Jobben vår er å sørge for at dagens og morgendagens samfunn kan tilby alt det innbyggerne forventer - rent vann, varme boliger, effektiv transport og moderne sykehus. For å lykkes med det, må vi ha et tett samarbeid med kundene. Derfor er den typiske Sweco-medarbeideren alltid tilgjengelig og engasjert i kundenes prosjekter med etterspurt kompetanse.

Sweco er Europas største rådgiverselskap innen teknikk, miljø og arkitektur. Swecos 14 500 ingeniører, miljøeksperter og arkitekter jobber hver dag med å planlegge og utforme fremtidens byer og samfunn. Selskapets ansatte utfører årlig titusenvis av oppdrag i rundt 70 land over hele verden. I Norge har Sweco 1 350 ansatte og 26 kontorer over hele landet.

Les mer om Sweco Norge og se flere stillingerSe videopresentasjon