Plansjef

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 27. oktober, 2017. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Time kommune har ledig stilling som leiar for By- og samfunnsutvikling.

Jærkommunen står framfor ei tid med spennande utvikling. Mellom anna skal ny samfunnsplan for kommunen og ny sentrumsplan for Bryne setjast i verk i samskaping med innbyggjarar og næringsliv. Revisjon av arealdelen til kommuneplanen er godt i gang, og kommunen sin nye Smartstrategi har ambisjonar for utviklinga av ein smart kommune og ein smart by. Plansjefen vil ha ei sentral rolle som pådrivar og tilretteleggjar for denne utviklinga. 

 

Om arbeidsoppgåvene

Plansjefen har ansvar for samfunns-, by- og sentrumsutvikling, planlegging av utbyggingsområde, overordna kommuneplanar, samt samferdsels- og energiplanarbeid. Utviklinga av kommunen og byen skal skje i samskaping med interne og eksterne samarbeidspartar. Ei viktig oppgåve er samarbeid med utbyggjarar og andre som driv næring eller vil etablera seg i kommunen. Det vert lagt stor vekt på å forstå innbyggjarar og næringslivet sine behov og ta dei med i dei ulike arbeids- og planprosessane. Plansjefen har ansvar for saksutgreiing av politiske saker innanfor fagområdet. I Time legg me vekt på klart språk.

Plansjefen har for tida leiaransvar for dei tilsette innan plan- og byggjesaksområdet. Organisasjonen er i endring, noko som kan føra til justeringar også i dette området. Plansjefen rapporterer til kommunalsjef for tenesteområdet Samfunn og inngår i kommunalsjefen si leiargruppe. I tillegg deltek plansjefen fast i det politiske planutvalet og kommunen si interne næringsgruppe.

 

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning som er relevant for arbeidsområdet
  • Leiarkompetanse - formell og praktisk
  • Planfagleg kompetanse og erfaring
  • Interesse for arbeid med innovasjon og smartby
  • Gode evner til skriftleg og munnleg framstilling

 

Personlege eigenskapar

  • Interesse for by- og samfunnsutvikling
  • Evne til å motivera og byggja gode relasjonar
  • Evne til endring og omstilling 
  • Gode samarbeidsevner

 

Me tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande stilling i ein kommune i stor utvikling
  • Godt arbeidsmiljø
  • Positive, motiverte og flinke medarbeidarar
  • God pensjonsordning og lønn etter avtale

 

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Kontaktpersoner

Bjørn Meling
Kommunalsjef
Telefonnummer: 900 94 090
Brit Nilsson Edland
Rådmann
Telefonnummer: 481 21 655

Hvem er Time kommune?

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.