Plansjef (avdelingsleiar)

Plan, byggesak og geodata, avd. Plan

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 13. oktober, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

100 % fast stilling ledig for oppstart 01.01.20.

Planavdelinga er ein del av verksemd Plan, byggesak og geodata innan kommunalområdet Miljø-, by- og stadutvikling i nye Ålesund kommune. Avdelinga har 11 tilsette og er tverrfagleg samansett med fagfolk innan ingeniørfag, arkitektur, landskapsarkitektur og naturforvaltning. Avdelinga vil ha ei sentral rolle når det gjeld forvaltning av areal i den nye kommunen, gjennom arbeid og handsaming av kommuneplanen sin arealdel, områdeplanar og detaljreguleringsplanar. I tillegg vil avdelinga ta del i viktige by- og stadutviklingsprosjekt, og  har viktige rådgivingsoppgåver overfor private aktørar, kommunale verksemder og rådmannen.  

Avdelingsleiar vil ha ei viktig rolle i samordning og utvikling av desse sentrale tenesteområda for innbyggjarar og næringsliv i den nye kommunen. I tillegg vil avdelinga vere ein viktig deltakar i realisering av kommunen sine overordna strategiske planar, der  nye Ålesund kommune har ei tatt ei sentral rolle i  FN sitt smartby-nettverk. Avdelingsleiar rapporterer til verksemdleiar for Plan, byggesak og geodata og er en del av verksemda si leiargeuppe.   

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for løpande drift og vidareutvikling av avdelinga.
  • Lede og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine satsingsområde.
  • Økonomi-, personal- og fagansvar for avdelinga.
  • Legge til rette for ein god dialog med innbyggjarar, næringsliv og akademia.
  • Stimulere til tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av verksemder og avdelingar.
  • Inspirere og motivere sine medarbeidarar.          

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på masternivå, innan arealplanlegging, arkitektur eller tilsvarande.
  • Utdanning på bachelornivå med brei leiarerfaring frå relevante fagfelt kan bli vurdert.
  • God kompetanse innan arealplanlegging, arkitektur og liknande fagfelt.
  • Relevant arbeidserfaring frå kommunal eller privat sektor.      

Personlege eigenskapar

  • God på strategiske prosessar og ser moglegheiter til å utvikle avdelinga.
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å gjennomføre tiltak.
  • God kommunikasjons- og formidlingsevne, både skriftleg og munnleg.
  • Gode samarbeidseigenskapar, med evne til å inspirere og motivere.
  • Positiv, engasjert, strukturert og analytisk.         

Vi tilbyr

Som vår nye plansjef får du spennande og utfordrande arbeidsoppgåver på strategisk nivå, og vil vere med å forme verksemdsområdet Plan, byggesak og geodata i nye Ålesund kommune med fokus på mellom anna berekraft, digitale løysingar og samhandling til det beste for alle i den nye kommunen.
 
Stillinga har konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktpersoner

Frode Helland
Assisterande kommunalsjef
Telefonnummer: 908 88 460
Ole Andreas Søvik
Kommunalsjef
Telefonnummer: 70 16 26 21

Hvem er Ålesund kommune?

Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal danne ein ny kommune frå 01. januar 2020. Kommunen skal heite Ålesund. Den blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen vil ha rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen blir ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet, vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er nye Ålesund kommune eit spennande alternativ.