Planprosjektleiar

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 03. juni, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Vi søker etter

ein utadvendt, initiativrik og samarbeidsorientert, planprosjektleiar til 100% fast stilling på plan og trafikkseksjonen ved fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Du får jobbe med mellom anna

å leie gjennomføring av planprosjekt etter plan- og bygningsloven, og med det utarbeide planen sin arealdel med omtale og bestemming. I arbeidsoppgåvene ligg det også bistand med å behandle arealsaker etter PBL. For rette vedkommande kan det vere aktuelt at stillinga inngår i eit team som arbeider med overordna strategisk planlegging innanfor samferdselssektoren.

Vi søker deg som har

høgare utdaning med planfagleg kompetanse. Lang erfaring med relevant fagområde kan kompensere for formell utdanning. Du er ein person som er resultatorientert, systematisk, god på samhandling og har evne til å krevje leveranse av andre. Du må ha evne til å drive prosjekter, og på eige initiativ finne løysingar i komplekse planprosjekt. Du må ha evne til å tenke strategisk og se de store linjene i høve strategisk planarbeid.

Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Seksjonen plan og trafikk vil ha hovudansvaret for planlegging og forvaltning av fylkesvegnettet. I dette ligg blant anna arbeid med trafikksiktryggleik, handsaming av saker etter plan og bygningslova, trafikkteknikk, vegplanlegging og utarbeiding av reguleringsplanar, eigedom og grunnspørsmål, tilstandsregistrering, vegdata og geodataarbeid. Denne stillinga vil ha kontorstad Kristiansund.

"Campus Kristiansund skal bli ein felles campus for utdanning, forsking og innovasjon. Her samlar vi kompetanse frå næringsliv, offentleg sektor, høg- og fagskule og forskingsinstitusjonar i eit tverrfagleg og nyskapande miljø. Delar av miljøet er alt etablert i midlertidige lokale i Kristiansund sentrum, fram til første byggetrinn står klart i 2023. Meir informasjon finn du på www.campusksu.no.

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein viktig aktør i Campus Kristiansund, og byggjer opp eit tverrfagleg kompetansemiljø med om lag 40 stillingar. Dette kompetansemiljøet er ein del av den samla fylkesadministrasjonen i Møre og Romsdal".

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss. Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk, og du vil få opplæring om du treng det.

Kontaktpersoner

John Hauger
Seksjonsleiar plan og trafikk
E-postadresse: john.hauger@mrfylke.no
Telefonnummer: 71 28 00 47
Mobil: 412 98 652

Hvem er Møre og Romsdal Fylkeskommune?

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, vegar og kollektivtransport, tannhelsetenester, samfunns- og næringsutvikling.

Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.