Planleggingsleiar for E39 Stord - Os

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

I Statens vegvesen Utbygging vest har vi ledig stilling som planleggingsleiar i prosjektet E39 Aksdal - Bergen.

For å få utarbeidd  reguleringsplanar i prosjektet E39 Stord – Os (Hordfast), treng vi ein erfaren planleggar. Kontorstad vil vere Bergen eller Leikanger.

Er du samfunnsengasjert og ønskjer å bruke kompetansen din til å påverke val og utforming av vegprosjekt, kan vi by på mange utfordringar.

Divisjon Utbygging har kompetanse innan planprosjektleiing, vegplanlegging, landskap og arkitektur, arealplanlegging, natur- og kulturmiljø.                 

Arbeidsoppgåver

  • styre planprosjekt (koordinere planprosessar etter plan- og bygningslova)
  • styre tverrfagleg prosjektgruppe
  • utarbeide reguleringsplanar
  • gjennomføre konsekvensutgreiing
  • engasjere og styre konsulentoppdrag
  • planlegge vegar og kryssområde

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn

  • utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis innan veg-/areal-/transportplanlegging, minimum mastergrad
  • erfaring/kompetanse innan planlegging/prosjektering av vegar og tunnelar, offentleg forvaltning og planlegging etter plan- og bygningslova
  • er flink til å uttrykke deg skriftleg og munnleg på norsk
  • førarkort kl. B

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Vi vektlegg at du

  • er glad i faget ditt og resultatorientert
  • kan styre, koordinere og samordne oppgåver
  • er god til å samarbeide med andre
  • har erfaring som prosjektleiar/planleggingsleiar
  • er analytisk og kan sjå problemstillingar frå fleire vinklar

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll
  • bedriftshytter/bedriftsidrettslag

Løn blir avtala nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Søknad

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som treng det.

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bede om unntak frå denne. Du vil i så fall bli varsla.

Meir informasjon om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du få ved å kontakte prosjektleiar Signe Eikenes på tlf. 57655809 /95191934, e-post signe.eikenes@vegvesen.no eller planleggingsleiar Ellen Slinde på tlf.  57655795 / 99203238, e-post: ellen.slinde@vegvesen.no.

Kontaktpersoner

Ellen Slinde
planleggingsleiar
Telefonnummer: (+47) 57 65 57 95
Signe Eikenes
Telefonnummer: 57655809
Mobil: /95191934

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesens vil lede an i utviklingen av et effektivt, sikkert og helhetlig transportsystem tilpasset morgendagens behov og teknologi. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på vei og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet smarte, trygge og miljøriktige transportvalg.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger