Planleggar

Stillingsbeskrivelse

Bli planleggar i Stavanger

I Rogaland er det ein stor auke i samferdselsprosjekt, blant anna ved Bussveien, Bypakke Nord-Jæren og Haugalandspakken. Statens vegvesen har ansvar for planlegging og prosjektering av disse prosjekta, og trenger dyktige fagfolk for å møte den auka arbeidsmengda.

Vil DU vera med og utvikla samferdselsnettet i regionen?

I Statens vegvesen Region vest, Ressursavdelinga, har vi ledig stilling som planleggar/prosjektleiar ved planseksjonen i Stavanger. Er du samfunnsengasjert og ønskjer å bruke din kompetanse til å påverke val og utforming av vegprosjekt, kan vi by på mange utfordringar.

Vi på planseksjonen har ansvar for å leie planlegginga av store og små investeringsprosjekt i Region vest. Prosjekta varierer frå store veganlegg på riks- og fylkesvegnettet til bygateprosjekt, miljøgateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak, støyskjerming, m.m.

Planseksjonen i Stavanger er eit samla fagmiljø med over 50 medarbeidarar med kompetanse innan planprosjektleiing, vegplanlegging, landskap og arkitektur, arealplanlegging, natur- og kulturmiljø.           

Arbeidsoppgåver kan vere å

  • styre planprosjekt (koordinere planprosessar etter plan- og bygningslova)
  • styre tverrfagleg prosjektgruppe
  • engasjere og styre konsulentoppdrag
  • utarbeide reguleringsplanar og kommunedelplanar
  • gjennomføre konsekvensutgreiingar

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis innan veg-/areal-/transportplanlegging
  • minimum 3 års erfaring
  • erfaring/kompetanse innan offentleg forvaltning og planlegging etter Plan- og bygningslova

For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Det er vidare ønskjeleg at du

  • har gode evner til sjølvstendig arbeid og god gjennomføringsevne
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har erfaring som prosjektleiar/planleggingsleiar
  • erfaring frå eit eller fleire av følgjande fagområde: prosjektleiing, areal- og transportplanlegging, planlegging/prosjektering av vegar og tunnelar, trafikkplanlegging
  • erfaring med å leie eller koordinere oppgåver
  • har analytiske eigenskapar og evne til å tenkje heilskapleg og langsiktig
  • kan jobbe strukturert

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Annet

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Meir utfyllande informasjon om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du få ved å kontakte seksjonsleiar Linda Skare Pryde på e-post linda.pryde@vegvesen.no.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger