Planleggar - utgreiing og transportanalyse

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 14. januar, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Vi søker deg som har erfaring frå utgreiing, praktisk planlegging eller liknande til fast stilling ved seksjon for utredning og transportanalyse i Statens vegvesen Vegdirektoratet.

Seksjon for utredning og analyse på transportavdelinga i Vegdirektoratet jobbar med strategiske utgreiingar som konseptvalutgreiing (KVU), utgreiingar i samband med Nasjonal transportplan (NTP) og handlingsprogram. Seksjonen har ansvar for fagområda samfunnsøkonomisk analyse og trafikk- og transportmodellar, reisevaneundersøkingar, metodeutvikling og rutevise utgreiingar. Seksjonen har òg eit strategisk ansvar for samfunnssikkerheit, beredskap og krisehandtering inkludert forvaltning av VegROS, og veglister og omklassifisering.

Sentrale arbeidsoppgåver er eigne analysar og metodeutvikling. Vi yter fagleg støtte til arbeidet i regionane gjennom å gje råd, utarbeide rettleiingar i tillegg til å drive opplæring og formidling. Seksjonen vår består av 14 kunnskapsrike medarbeidarar med bakgrunn som sivilingeniør, samfunnsøkonom, planleggar, samfunnsvitarar m.m.

 

Ansvar og arbeidsoppgåver

Vi søker deg som er opptatt av og ønsker å jobbe med

  • Utgreiing av transportsystemet på overordna nivå
  • Samanhengen mellom arealbruk og transportsystem
  • Verknader av transportsystemet for brukarar og omgjevnader
  • Metodar for å handtere ei usikker framtid

Du vil primært jobbe med utgreiingar på strategisk nivå som KVU og NTP, men skal òg jobbe med fagleg rådgjeving og formidling av kunnskap.

 

Kvalifikasjonskrav

Du må ha mastergrad frå universitet eller høgskule innan planleggings- eller ingeniørfag, samfunnsøkonomi, samfunnskunnskap eller ha anna relevant utdanning. Vidare må du ha erfaring frå utgreiing, praktisk planlegging eller liknande (minst 4-5 år, fortrinnsvis 5-10 år). Arbeidsoppgåva krev at du har god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk, gjerne òg på engelsk.

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønsker vi ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no ).

 

Vi legg vekt på at du

  • er sjølvstendig og initiativrik
  • er flink til å analysere og gjere gode og rasjonelle vurderingar
  • har evne til å tenke nytt og annleis
  • samarbeider godt med andre og trivst med å jobbe tverrfagleg
  • kommuniserer på ein klar, presis og strukturert måte

 

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

 

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll
  • triveleg arbeidsmiljø i eit flott og lyst kontorbygg ved Alnaelva på Bryn i Oslo med gode offentlege kommunikasjonshøve

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Vil du vite meir om stillinga? Ta kontakt med avdelingsdirektør Randi Harnes, epost: randi.harnes@vegvesen.no , mobil 913 89 799.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla. Søk stillinga på www.vegvesen.no/jobb innan 8. januar 2018 eller gå vidare til ”send søknad/ søk her”.

Søk stillinga på www.vegvesen.no/jobb innan 8. januar 2018 eller gå vidare til ”send søknad/ søk her”.

 

 

 

 

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger