Personvernrådgjevar til IT-avdelinga

Stillingsbeskrivelse

Avdeling for elektronisk forvaltning (AEF) har ansvaret for at heilskapleg IT-styring er ein integrert del av utviklinga og styringa i UDI. Utlendingsdirektoratet forvaltar og driftar ein stor portefølje av saksbehandlingssystem for heile utlendingsforvaltninga. Vi deltar i tillegg i eit utstrakt europeisk samarbeid om felles IT-løysingar på utlendingsfeltet. Vi har kome langt med å oppfylle ambisjonen om å heildigitalisere verksemda. 

Målet vårt er utstrakt digital kommunikasjon med søkarane og resten av samfunnet. I tillegg jobbar vi for elektronisk saksbehandling i alle ledd og automatisering av saksbehandlingsprosessane. Vi vil at utlendingsforvaltninga skal være i toppsjiktet innan digital forvaltning i det offentlege. For 2017 og 2018 har UDI etablert eit eige program for ei ytterlegare modernisering av IT-løysingane på utlendingsfeltet.

Avdelinga har for tida cirka 70 tilsette, og er delt inn i fem seksjonar: fagsystem, fagdata, leveransestyring, brukarstøtte og utvikling. Ein stor del av drifts- og forvaltningsoppgåvene er sett ut til eksterne leverandørar.

Seksjon for fagdata i Avdeling for elektronisk forvaltning, søker etter ein forvaltningsinformatikar som kan bidra til å styrka arbeidet med personvern i IT-utvikling og avtaleforvaltning. Også juristar med god forståing og interesse for IT eller informatikarar med kunnskap og interesse for personvern og informasjonssikkerhet kan søke.

 

Arbeidsoppgåver

  • Styrke avdelinga sin kompetanse på personvern
  • Utarbeide og vedlikehalde databehandlar- og informasjonsutvekslingsavtalar mellom UDI og andre offentlege og private aktørar
  • Legge til rette for etterleving av EUs personvernforordning og ny personvernlovgivning
  • Gje råd, rettleiing og opplæring i personvernspørsmål knytt til forvaltninga sine IT-system
  • Hjelpe til med personvernkonsekvensvurderingar knytt til forvaltninga sine IT-system

 

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå (masternivå eller tilsvarande). Solid relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning
  • Erfaring med personvern og informasjonstryggleik
  • Interessert i skjeringspunktet juss/IT
  • Må kunne bli tryggingsklarert
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

 

Eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Like å drive gjennom endringar
  • Snakke like godt med IT avdelinga som med fagsida
  • Nysgjerrig på nye trendar og kunne formidle dette
  • Vere løysingsorientert og sjølvstendig.
  • Kunne samarbeide med mange aktørar for å finne dei beste løysingane
  • Evne til å tenke langsiktig midt i ein operativ kvardag
  • Søkarar som er borgarar av land som ikkje er medlem av EØS, vil bli bedne om å samtykke til innsyn i eiga utlendingssak dersom dei blir innkalla til intervju

 

Vi tilbyr

Stillingsbrøk: 100%

Ei spanande og utfordrande stilling i ein kompleks organisasjon som er inne i ei krevjande utvikling på IT-området

Stillinga blir løna som rådgjevar/seniorrådgjevar (kode 1434/1364) i lønsspenn kr 459.100 - 750 000. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare løn bli vurdert. Frå løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse

God pensjonsordning og moglegheit for bustadlån i Statens Pensjonskasse

Moglegheit for trening i arbeidstida

Betalt overtid

Fem veker ferie og fleksitidsordning

UDI er ei IA-verksemd

Nyutdanna blir oppmoda til å søke.

Utlendingsdirektoratet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

I samsvar med offentleglova kan ein søkar bli offentleggjort sjølv om han/ho har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Personen vil i så fall bli varsla.

Kontaktpersoner

Laila Fimreite
seniorrådgjevar
Telefonnummer: 407 06 711
Tore Magnus Oraug
seksjonssjef Fagdata
Telefonnummer: 977 72 493

Hvem er Utlendingsdirektoratet (UDI)?

Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringens innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglige innspill til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovlig innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkere, og bidrar til retur av personer uten lovlig opphold. Menneskeverd, profesjonalitet og helhet er grunnleggende verdier i direktoratet. UDI ligger under Justis- og beredskapsdepartementet. Se også www.udi.no