Overingeniør ved Institutt for fysikk og teknologi

Stillingsbeskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør 

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som overingeniør i mechanical engineering.

Ved instituttet vert det gjort forsking på høgt internasjonalt nivå innan eksperimentell fysikk. For at instituttet skal kunne ta del i dette arbeidet, treng vi fagfolk med brei og oppdatert teknisk kompetanse. Vi bygger mellom anna vitskaplege instrument som skal integrerast i satellittar, rakettar eller fly. Vi har designa og bygd eit stort røntgen/gamma måleinstrument for ”Atmosphere-Space Intercation Monitor” som nå flyr på den internasjonale romstasjonen. Vi bygger tilsvarande instrument for flykampanjer over Amerika og Sentral-Amerika. Vi designar og bygger delar til et røntgen-teleskop for «SMILE» - eit kinesisk-europeisk satellittprosjekt som er planlagt for oppskyting i 2024. Ingeniøren vil ta del i design, bygging og testing av desse.

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga inneber design, utvikling, produksjon og testing av mekaniske løysningar for satellittar.
  • Statiske styrke-berekningar, vibrasjon- og sjokkanalyse.
  • Utføre CAD og FEM.
  • Maskinering ved bruk av manuelle og CNC-styrte dreiebenkar og fresmaskinar.
  • Utvikling og produksjon av testutstyr og prototypar.
  • Dokumentasjon.
  • Drift av termisk-vakuumkammer
  • Ein del reiser kan forventas.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå innanfor maskinteknikk eller liknande. Lang, relevant praksis kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Søkjaren må kunne jobbe under press, levere innanfor tette tidsfristar og forvente overtidsarbeid når det er nødvendig.
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Søkjaren bør ha omfattande erfaring som operatør av manuelle fresar og dreiebenkar.
  • Erfaring i programmering av CNC-styrte maskiner og også erfaring som operatør er ein fordel
  • Erfaring med CAD, CAM og FEM er nødvendig.
  • Kunnskapar i ProE/Creo Parametric og Mechanica er en fordel.

Dei kandidatane som blir innkalla til intervju vil få tildelt eit utval av teoretiske og praktiske oppgåver innan teknisk teikning, materialstyrkeberekning, manuell maskinering og CNC programmering. Ein må rekne med at dette tar ein full arbeidsdag. Kandidatane kan ta med faglitteratur etter eige ønske, og eit utval av fagbøker på norsk og engelsk vil også vere tilgjengeleg. Av tekniske hjelpemiddel vil berre vitskapleg kalkulator vere tilleten. Teikneverktøy vil og vere tilgjengeleg.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53 – 59 (for tida Kr 464.800 – 515.200) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar for teknisk avdeling, professor Kjetil Ullaland, senioringeniør Georgi Genov.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Kontaktpersoner

Georgi Genov
Senioringeniør
E-postadresse: Georgi.Genov@uib.no
Telefonnummer: 55 58 29 97

Hvem er Universitetet i Bergen?

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.