Overingeniør / senioringeniør i Underavdeling fiskefartøy - Avdeling for fartøy og sjøfolk

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Fartøyavdelingane Fiskefartøy, Lasteskip og Passasjerskip fører tilsyn med at norske skip og reiarlag held høg standard når det gjeld tryggleik og miljø. Gjennom kontinuerleg utvikling av reglar, informasjon og haldningsskapande arbeid, samt oppfølging med tilsyn, vert det arbeidd for å betre tryggleiken til sjøs. 

Tilsynsarbeidet går føre seg ved å kontrollere dokumentasjon som vert sendt inn ved bygging, ombygging, innflagging og drift av skip. I den samanheng har avdelingane mykje kontakt med konsulentar, verkstada og reiarlag. Arbeidet er variert og rettar seg mot både tradisjonelle design og prosjekt med ny teknologi. 

Fartøyavdelingane har eit overordna ansvar for å føre tilsyn med dei ulike fartøytypane. Inspeksjonar vert utført av dei lokale kontora til direktoratet og delvis av anerkjende klasseselskap eller godkjende føretak. 

Fartøyavdelingane er aktive i internasjonalt arbeid, spesielt i IMO. 

Utlysinga gjeld ei fast stilling i Underavdeling fiskefartøy.

Arbeidsoppgåver

  • Kontroll av dokumentasjon på fartøy under bygging, ombygging og innflagging, hovudsakleg innan fagområda skrog og stabilitet.
  • Informasjon og haldningsskapande arbeid.
  • Fagleg oppfølging og rettleiing av godkjende føretak.
  • Saman med fagmiljø i direktoratet bidra til utvikling av regelverk.
  • Gjennom direktoratet sitt arbeid med risikobasert tilsyn bidra til å avgjere fokus i vårt kontrollarbeid.
  • Avhengig av direktoratet sine fokusområder og behov, kan deltaking i nasjonale og internasjonale forum bli aktuelt.

Kvalifikasjonar

  • Bachelor- eller mastergrad frå høgskule eller universitet innan fagområdet marin teknikk.
  • Det er ønskeleg med røynsle frå myndigheit, klasseselskap, skipskonsulent eller verft.
  • Nyutdanna kan og søke.

Personlege eigenskapar

  • Søkar må vere kundeorientert, resultat- og løysingsorientert, sjølvstendig og ansvarsbevisst, systematisk og nøyaktig.
  • Søkar må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, gode analytiske evner og gode framstillingsevner på norsk og engelsk.

Vi tilbyr

Sjøfartsdirektoratet kan tilby eit godt fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver og kontakt med skipsnæringa. Du vil få samarbeide med kollegaer med eit høgt kompetansenivå i eit bredt fagmiljø, som gir moglegheiter for tverrfagleg læring og utvikling. Vi har fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og låneordninger i Statens pensjonskasse.

Stillinga vert lønna som overingeniør med kr 465.000,- 565.000,- brutto i året eller senioringeniør med kr 525.000 - 670.000, - brutto i året. I særskilde tilfeller kan høgare løn vurderast.

Sjøfartsdirektoratet er opptatt av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsgrad, nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Vi er ei IA-verksemd, som vil legge forholda til rette for søkarar med særskilt behov.

Kontaktpersoner

Arild Lie
Fung. underdirektør
Telefonnummer: (+47) 40061016

Hvem er Sjøfartsdirektoratet?

Sjøfartsdirektoratet er en statlig virksomhet med tilsynsansvar for norskregistrerte fartøy og utenlandske fartøy som anløper norske havner. 

Sjøfartsdirektoratets overordnede mål er: Den foretrukne maritime administrasjonen.

Det er 330 ansatte i Sjøfartsdirektoratet.  Hovedkontoret ligger i Haugesund og har ca. 200 ansatte.  I tillegg har Sjøfartsdirektoratet 7 regioner med tilhørende tilsynskontor langs norskekysten.  Skipsregistrene i Bergen, med 20 ansatte, er også en del av Sjøfartsdirektoratet.