Overingeniør innan automasjon i akvakultur

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 01. mars, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Ved forskingsstasjonen vår på Matre i Masfjorden kommune har vi ledig fast stilling som 1087 overingeniør – automatiker innan teknisk drift.

Forskingsstasjonen Matre har omfattande forsøksfasilitetar både på land og sjø og ein stor portefølje av forsøk innan laksefisk og marine arter. Tett samarbeid mellom drift og forsking står i fokus og er ein viktig suksessfaktor.

Den som blir tilsett vil ha oppgåver retta mot automasjon og vassprosessering ved vårt sentrale driftsanlegg på land.

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak innan følgjande område:

  • Ivaretaking av drift, periodisk vedlikehald og ettersyn av stasjonen sine sentrale driftsanlegg (SD-anlegg) for styring av oksygen, temperatur, lys, energi og fôring.
  • Planlegge og utføre periodisk vedlikehald, kalibrering og nødvendige reparasjonar i dagens vassprosessanlegg.
  • Oppfølging av kvalitetskrav gjennom å kalibrere sensorar og sikre logging av data frå SD-anlegget.
  • Ivareta enklare elektriske installasjonar ved stasjonen og hjelpa eksterne leverandørar.
  • Ivareta lokale IKT-funksjonar ved stasjonen i samarbeid med IT-seksjonen vår i Bergen.
  • Utføre løpande vedlikehald/reparasjonar på stasjonens tekniske infrastruktur.
  • Ivareta lokalt tilgangskontrollsystem og informasjonssikkerheit ved stasjonen.
  • Jobbe i team med internrapportering til teknisk driftsleiar.
  • På lengre sikt eventuelt kunne inngå i stasjonen sin vaktordning.

Kvalifikasjonar

Vi søker etter ein person med ingeniørutdanning innan automasjon. Relevant, lengre arbeidserfaring og fagbrev innan same fagfelt kan kompensere for utdanningskravet.

Den vi søker etter må:

  • Kunne jobbe med automasjon i praksis.
  • Vere kjent med metodar og kunne jobbe med vassprosessering.
  • Kunne jobbe med energianlegg.
  • Vere godt kjent med verktøy og måleinstrument.
  • Ha god kjennskap til Windows-plattforma, Microsoft Office og IT-system.
  • Kunne vere stasjonen sin ressursperson innan datanettverk, drift av datamaskinpark, sørverar og mobiltelefoni.
  • Vere positiv og serviceinnstilt og ha gode kommunikasjonsevner.
  • Kunne jobbe sjølvstendig, vere eit ordensmenneske og ta initiativ til forbetringar og løysingar.
  • I periodar kunne tre inn som vikar for teknisk driftsleiar.
  • Du må beherske norsk og engelsk, skriftleg og munnleg, og du må ha sertifikat klasse B for bil. Det er ein fordel om du har el-sertifikat, sertifikat for lastebil og truck, eller er villig til å ta slike sertifikat.

Vi tilbyr

Havforskingsinstituttet kan tilby varierte arbeidsoppgåver og eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø. Statlege tilsetjingsforhold gjeld, og stillinga blir lønna etter statens regulativ som 1087 overingeniør. Medlemskap i Statens pensjonskasse (2 % innskot av bruttolønn) inngår.

Ytterlegare informasjon

Se gjerne også Havforskingsinstituttet sine nettsider www.hi.no.

Send elektronisk søknad via link på denne sida med CV, vitnemål og relevante attester

Havforskingsinstituttet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er også ei IA-verksemd som ønsker å legge forholda til rette for søkarar med redusert funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarar i spesielle tilfelle kan bli gjort offentleg, sjølv om søkaren har bede om å vere unntatt søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand.

Kontaktpersoner

Ragnar Nortvedt
Stasjonsleiar
E-postadresse: ragnar.nortvedt@hi.no
Telefonnummer: 928 29 508

Hvem er Havforskningsinstituttet?

Havforskningsinstituttet (HI) er det største marine forskningsinstituttet i Europa med vel tusen ansatte og en rekke forskningsfasiliteter og laboratorier av høy internasjonal standard. Hovedaktivitetene våre er forskning, rådgivning og overvåkning. Havforskningsinstituttet eier og drifter seks forskningsfartøy. Vårt hovedkontor ligger i Bergen, vi har

avdeling i Tromsø og forskningsstasjoner i Matre, Austevoll og Flødevigen.1. januar 2018 ble HI fusjonert med Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES). Det nye instituttet skal være en ledende kunnskapsleverandør for en bærekraftig forvaltning av ressursene i de marine økosystemene, og for hele kjeden fra hav til mat.