Oppmålingsingeniør

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 16. mai, 2022. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsomtale

Ansvarsområde/viktige arbeidsoppgåver:

  • Ansvarsområde/viktige arbeidsoppgåver
  • Grensemålingar og oppmålingsforretningar.
  • Matrikkelføring og produksjon av matrikkelbrev.
  • Vedlikehald av matrikkelkart og kommunens offentlege kartgrunnlag.

Kvalifikasjonskrav

  • Min. 3-årig høgskuleutdanning innan relevante fagområde.
  • Kjennskap til, og bruk av digitale verktøy.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Søkar må disponere eigen bil.

For stillinga

  • Løn etter Hovudtariffavtala. Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og kommunen sitt reglement.
  • Køyregodtgjering etter statens satsar. I tillegg får oppmålingsingeniør-stillinga ein fastsum f.t. kr 14.300 per år.
  • Gode utviklingsmoglegheiter i eit godt arbeidsmiljø.
  • Fokus på kompetanseheving og fagutvikling. 

Som tilsett i Nissedal kommune blir du meldt inn i KLP (Kommunal Landspensjonskasse). 

Anna

Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet. Både Kviteseid og Nissedal kommunar nyttar nynorsk som målform.

Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige. 

Offentleggjering

Søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateke for offentligheit. Dersom ønsket ikkje blir innfridd, vil søkaren bli varsla om dette. (Offentleglova § 25).

Kontaktperson

Sveinung Seljås, kommunalsjef plan og næring, mobil: +47 415 63 995, sveinung.seljas@nissedal.kommune.no

Søknadsfrist: 16.05.2022.

Kontaktpersoner

Sveinung Seljås
kommunalsjef plan og næring

Hvem er Nissedal kommune ?

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.

Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura og høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn.