Oppmålingsingeniør - Plan og forvaltning

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 04. januar, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Vi søkjer etter ein person som har lyst til å jobbe og delta i utforminga av framtidas Sogndal kommune og som ønskjer faglege utfordringar innan by- og tettstadsutvikling i ein vekstkommune. Du vil arbeide på eininga for plan og forvaltning med 11 medarbeidarar med brei og høg kompetanse innanfor fagfelta vi forvaltar. Sogndal kommune vert slått saman med Leikanger og Balestrand kommunar frå 01.01.2020.

Stillinga vil ligge til eining for Plan og Forvalting i nye Sogndal kommune og utgjer ei av 3 oppmålingsingeniørstillingar i eit fagmiljø som omfattar oppmåling, byggjesak og plan. Den ledige stillinga er ei av to stillingar som fortrinnsvis skal ha kontorstad i Sogndal. Den tredje stillinga som oppmålingsingeniør på eininga vil i hovudsak ha kontorstad i

Balestrand, men skal fagleg og praktisk vere tett integrert i resten av eininga. Alle oppmålingsingeniørstillingane samarbeider nært med dei andre tenesteområda på eininga.

Stillinga dekkjer dei oppgåvene kommunen forvaltar innanfor oppmålingsfaget, i hovudsak oppmålingsforretningar, matrikkelføring, seksjonering, adressering og rettleiing til publikum.

Kontaktpersoner

Eirik Røysi
Avd.leiar kart og oppmåling
Telefonnummer: 57 62 96 51
Markus Mohn Werner
Tenesteleiar
Telefonnummer: 476 90 451

Hvem er Sogndal kommune?

Sogndal kommune ligg ved Sognefjorden i Vestland fylke og har vel 11.700 innbyggjarar. Kommunen er ein tilflyttingskommune og har god vekst i folketalet. Sogndal er regionsenteret i Sogn og skal vera ein motor for vekst og utvikling i regionen. Både studentar og turistar finn vegen hit - og mange har funne draumeplassen i ein kommune med flott natur, gode lokalsamfunn og attraktive arbeidsplassar.