Oppmålingsingeniør 100% fast - Plan og næring

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 19. mai, 2019. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Det er ledig ein stilling som oppmålingsingeniør 100% fast i Sogndal kommune. Stillinga ligg under eininga Plan og næring og held til på kommunehuset i Sogndal. Deleininga Kart og oppmåling har i dag to stillingar, og samarbeidar nært med dei andre tenesteområda på eininga.

Stillinga skal dekkje dei oppgåvene kommuneforvaltninga har innanfor oppmålingsfaget sine oppmålingsforretningar, matrikkelføring, seksjonering, adressering og rettleiing til publikum.

Vi søkjer etter ein person som har lyst til å jobbe og delta i utforminga av framtidas Sogndal og som ønskjer faglege utfordringar innan by- og tettstadsutvikling i ein vekstkommune. Du vil arbeide på eininga for plan og næring med 10 

medarbeidarar med brei og høg kompetanse innanfor fagfelta. Sogndal kommune vert slått saman med Leikanger og Balestrand kommunar frå 01.01.2020, og fagavdelinga vert utvida tilsvarande.

Vi søkjer deg som fortrinnsvis:

  • Har god kjennskap til fagområdet og evne til å bidra til høg fagleg kvalitet i offentleg orvaltning.
  • Har relevant utdanning på høgskulenivå, og/eller gjerne relevant arbeidserfaring.
  • Har god kjennskap til matrikkellova samt kjennskap til vidare relevant lovverk, orskrifter, nasjonale føringar og retningslinjer m.m.
  • Har erfaring og kjennskap til verktøy for kartforvaltning og GIS.
  • Er strukturert, løysningsorientert og kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
  • Kan tileigne deg kunnskap og er flink til å kommunisere både skriftleg og munnleg.
  • Kan samarbeide med fagfolk i kommunen, konsulentar og publikum elles.

Tilsetjing etter avtale.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Eit ungt, positivt og energisk arbeidsmiljø med høg kompetanse.
  • Ein erfaren, kunnskapsrik og omgjengeleg fagmedarbeidar.
  • Mogelegheit til å påverke eigen arbeidsdag.
  • Mogelegheit til utvikling av eigen kompetanse.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Løn etter avtale.

Andre opplysningar

Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet "Telefon/Mobil privat" i den elektroniske søknaden.

Spesielle vilkår for stillinga

Den som vert tilsett må kunne disponere eigen bil i tenesta. Godtgjersle etter kommunen sitt regulativ.

For søknad

Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsen på vår heimeside: www.sogndal.kommune.no - ledige stillingar.

For spørsmål kontakt Tenestetorget tlf. 57629600.

Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-post adresse i søknaden og det er merka av for at ein ønskjer å motta informasjon om søknaden på e-post.

I skjemaet er det mogeleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, men gjer merksam på at CV vert brukt i utvida søkjarliste. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør Offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Kontaktpersoner

Eirik Røysi
Avd.leiar kart og oppmåling
Telefonnummer: 57 62 96 51
Markus Mohn Werner
Tenesteleiar
Telefonnummer: 57 62 98 27
Tenestetorget
Telefonnummer: 57629600