Ønskjer du å jobbe med personvern hos ein av Vestlandets største arbeidsgjevarar?

Rådgjevar - personvern til Vestland fylkeskommune

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 07. oktober, 2020. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

Vestland fylkeskommune sitt samfunnsoppdrag er å sette retning, engasjere og samhandle for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland. Våre verdiar er kompetent, open og modig. Dei største sektorane hos oss er skule, tannhelse og samferdsle. 

Vi søkjer no ein engasjert og driftig rådgjevar innan personvern. Personvern handlar om retten til eit privatliv og retten til å bestemme over eigne personopplysningar. Innbyggjarane i fylket vårt skal kjenne seg trygge på at dette blir sikra. Vi søkjer etter deg som brenn for personvern. Hos oss får du moglegheita til å utvikle dette fagfeltet og i tillegg ha ei sentral rolle med å byggje ein kultur slik at personvern og informasjonssikkerheit vert ein naturleg del av den daglege aktiviteten i fylkeskommunen.

Rolla som personvernrådgjevar ligg i HR-seksjonen, og du vil inngå i faggruppa for HMS og kvalitetsstyring. Der vil du ha ei viktig rolle med å vidareutvikle styringssystemet, i tillegg til at du vil bidra i det daglege kvalitetsarbeidet i fylkeskommunen. Du vil samarbeide tett med personvernombodet og IKT-sikkerheitsrådgjevaren, i tillegg vert tverrfagleg samarbeid i heile organisasjonen sentralt. 

Arbeidsoppgåver

  • Vidareutvikle rutinar for personvern og styringssystemet for kvalitet på desse områda
  • Delta i arbeid med risikovurderingar og kontinuitetsplanlegging
  • Vere pådrivar for gode og preventive haldningar for personvern
  • Sikre god informasjon til og opplæring av dei tilsette i fylkeskommunen
  • Generell rådgjeving og saksbehandling for personvern, m.a. i samband med IT-prosjekt og innkjøpsprosessar
  • Diverse oppgåver retta mot kvalitetsstyring, helse, miljø og sikkerheit

Kvalifikasjonar

Du har høgare utdanning (master) med spesialisering innafor personvern/rettsinformatikk, i tillegg må du ha praktisk erfaring frå fagområdet. Du har god kjennskap til gjeldande lovverk og aktuelle utviklingstrekk innafor personvern og informasjonstryggleik. Rolla forutsett også god teknologiforståing for å kunne bidra i arbeidet med innebygd personvern. 

Personlege eigenskapar

Du er offensiv, løysingsorientert og kvalitetsmedviten. Du er også god på relasjonsbygging og dialog. For å lukkast i rolla må du vere sjølvstendig, initiativrik og ha evne til å drive fram ein prosess. Du bør også trivast med å formidle og dele din kunnskap ut i organisasjonen.  

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle med stor påverknadsmoglegheit i ein stor og kompleks organisasjon 
  • Eit triveleg og engasjert arbeidsmiljø
  • Moglegheita til å utvikle eit spennande og utfordrande fagområde
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår 

Andre opplysningar:

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktpersoner

Hege Solbakken
Rådgiver, Experis
Mobil: 911 04 141

Hvem er Experis?

Experis er Norges største konsulent- og rekrutteringsselskap med over 500 konsulenter. Vi tilbyr høyt kvalifiserte konsulenter, rekruttering og prosjektløsninger innen it, ingeniørfag og økonomi. Experis Executive rekrutterer toppledere og nøkkelpersoner innen privat og offentlig sektor. Blant våre kunder finner du over 90 % av Norges største børsnoterte selskaper. Experis er en del av ManpowerGroup og er kåret til et av verdens mest etiske selskaper.

Les mer om Experis og se flere ledige stillinger