Ønskjer du å jobbe med drift og vedlikehald av Bane NOR sitt anlegg?

Signalmontør, Bergen

Stillingsbeskrivelse

Område Vest har ansvaret for forvalting, drift og vedlikehald av baneområda Bergensbanen og Flåmsbana. Bergensbanen er i positiv utvikling med sterk vekst i gods- og passasjertrafikk.

I Bergen er det ledig stilling som signalmontør.

Som signalmontør skal du montere, vedlikehalde, reparere og sette signalanlegg i drift. Det omhandlar også kontroll av anlegg, med dokumentasjon og rapportering.

Stillinga rapporterer til faggruppeleiar.

Arbeidsoppgaver

  • kontroll, vedlikehald, revisjon og reparasjonar knytt til Bane NOR sitt signalanlegg på strekninga Finse-Bergen og Flåmsbana
  • bygging/fornying av signalanlegg
  • prosjektarbeid og koordinering av oppgåver i samarbeid med dei andre fagområda i Bane NOR
  • delta i beredskapsvakt etter behov
  • dei til kvar tid delegerte oppgåver gitt av næraste leiar

Søkar må vere villig til å delta i andre drifts- og vedlikehaldsoppdrag etter behov, samt vere innstilt på turnusarbeid og ein del reising.

Ønskede kvalifikasjoner

  • fagbrev som signalmontør
  • godkjenning som hovedsikkerhetsvakt for arbeid i og ved spor, eller være villig til å ta denne opplæringa. Arbeidspsykologisk test vil bli gjennomførd før tilsetting.
  • førarkort klasse BE
  • tilfredsstillande norskkunnskapar
  • relevante datakunnskapar
  • lokalkunnskap vil bli vektlagt

Det vert stilt helsekrav til blant anna syn, fargesyn og høyrsel. Helseundersøkinga vert gjennomført i samband med eventuell tilsetting.

Stillinga inngår i Bane NOR sin beredskapsordning. Tilsette i beredskapsordninga må, ved utrykking, kunne møte på stasjoneringsstaden innan 60 minutt.

Personlige egenskaper

Deg vi søker finn gode løysningar, oppnår resultat, er sjølvstendig og tek initiativ. Du er fleksibel og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vidare må du vere omgjengelig og ha interesse for og eigenskapar innan fagområdet, samt vere villig til å holde deg faglig oppdatert. Det vert lagt vekt på forståing for tverrfagleghet og samarbeid med andre faggrupper.

Vi legg vekt på lojalitet til Bane NOR sine etiske retningslinjer, og våre verdiar som er open, profesjonell og engasjert.

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fagmiljø
  • gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning
  • pensjon og gruppelivsforsikring
  • personalbillett på NSB sine tog

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentlig søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentliggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du vert varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

Kontaktpersoner

Gunnar Bidne
Telefonnummer: Mob. 916 59 281

Hvem er Bane NOR?

Bane NOR er et statlig foretak med ansvar for den nasjonale jernbaneinfrastrukturen.

Bane NORs formål er å sørge for tilgjengelig jernbaneinfrastruktur og effektive og brukervennlige tjenester, inkludert knutepunkts- og godsterminalutvikling. Foretaket har ansvaret for planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehold av det nasjonale jernbanenettet, trafikkstyring og forvaltning og utvikling av jernbaneeiendom. Bane NOR har det operative koordineringsansvaret for sikkerhetsarbeidet og operativt ansvar for samordning av beredskap og krisehåndtering. Bane NOR har om lag 4.500 ansatte og har hovedkontor i Oslo.

Les mer om Bane NOR og se flere ledige stillingerSe videopresentasjon