Ønskje du å leie sikringsarbeidet for ein stor eigedomsaktør i Bergen?

Sikkerhetsrådgiver

Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse

På vegne av Eigedomsavdelinga ved UiB søkjer vi sikkerhetsrådgiver

Ved Eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen vil du bli ein del av sentraladministrasjonen som har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehold og utvikling av UiB sine bygg, tekniske anlegg og uteareal. Våre universitetsområder skil seg frå andre universitet ved at store delar av bygningsmassen er ein integrert del av eit bysentrum. Vår bygningsmasse inkluderer eldre bygg med vernestatus, museer, idrettsanlegg og avanserte laboratoriebygg mm.

Arbeids- og ansvarsområde

Eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen søkjer ein erfaren rådgjevar for sikring med gode kommunikasjonsevner og stor gjennomføringskraft. Her vil du få leie arbeidet ved UiB knytt til fysisk sikring av bygg og til ting- og verdisikring. I dette ligg det å utføre analysar for sårberheit og revisjonar for tryggleik, og utarbeiding av prosedyrar innanfor ansvarsområdet i tråd med UiB sin overordna struktur og målsetjing.

Stillinga rapporterer til assisterande eigedomsdirektør og du vil ta del i ei ressursgruppe som planlegg, koordinerer og følgjer opp tryggleiksarbeidet overfor einingane ved UiB. Ressursgruppa består til dømes av tilsette på Eigedomsavdelinga og HR-avdelinga.

Du vil få oppgåver:

  • Knytt til fysisk sikring av bygg og til ting- og verdisikring
  • Oppbygging og revisjon av sikkerhetssystem
  • Tilrettelegging for risikokartlegging i einingane
  • Oppdatere UiB sin sikkerhetsstandard
  • Utarbeide og revidere sikkerhetsdokument
  • Gjennomføre sikkerhetsopplæring på alle nivå
  • Utarbeide kravspesifikasjonar og medverke i innkjøpsprosessar

Saman med Eigedomsavdelinga og HR-avdelinga vil du delta i koordinering og kvalitetssikring av sikringssarbeidet ved UiB. Her skal du følgje opp og medverke ved oppfølging av avvik i verdiskringsarbeidet, samt gjennomføre revisjonar og internkontroll på sikringsfeltet.

For Eigedomsavdelinga vil du ha det operative ansvaret for at ein her følgjer opp rutinar og internkontroll knytt til fysisk sikring av bygg og til ting- og verdisikring for avdelinga. Du vil også vere den som operativt koordinerer og leiger internkontroll knytt til sikring ved Eigedomsavdelinga. Ansvarsområdet ditt vil også omfatte rådgiving og planlegging av sikringstiltak i bygg i prosjekt ved Eigedomsavdelinga. Vi ønskjer også å sjå at du er den som koordinerer og følgjer opp heilheitleg internkontroll ved avdelinga.

Ønska kompetanse og personlege eigenskapar

Relevant utdanning på universitets-/høgskulenivå med bachelor eller gjerne mastergrad. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet.

Vi ønskjer at du har omfattande relevant praksis og spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa stillinga sine funksjonar, gjerne med erfaring med sikringsarbeid frå større verksemder

Gode formidlingseigenskapar både munnleg og skriftleg i både norsk og engelsk

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt. Du har gode evner til å formidle problemstillingar og samarbeide med alle våre kollegaer. Vi ønskjer å sjå at du driv prosessar på tvers av organisasjonen der du viser ei pragmatisk tilnærming til problemløysing og gode strategiske evner. Vi ser det som viktig at du er løysingsorientert og sjølv gjennomfører aktivitetar og planar.

Som vår kollega vil du få:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Energisk arbeidsmiljø, stor kontaktflate mot kollegaer og brukarar og samarbeid med avdelingas einingar
  • Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn som seniorrådgjevar i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn
  • Opplæring og moglegheit for vidareutdanning og utvikling
  • Gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass: 

Eiendomsavdelingen som arbeidsplass | Eiendomsavdelingen | UiB

Dersom dette er interessant for deg, er du velkommen til å ta kontakt med ein av våre rådgivarar i Jefferson Wells: Anette Hansen, mob. +47 900 80 079 eller Torill Eidsheim, mob. +47 993 25 710

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Eigedomsdirektør Kjartan Nesset, mob. +47 959 12 831, mail: kjartan.nesset@uib.no eller Assisterande Eigedomsdirektør Agnethe Erstad Larsen mob. +47 970 61 306, mail: agnethe.larsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Kontaktpersoner

Agnethe Erstad Larsen
Assisterande Eigedomsdirektør
E-postadresse: agnethe.larsen@uib.no
Anette Hansen
Leder rekruttering Sør-Vest , Jefferson Wells
Kjartan Nesset
Eigedomsdirektør
E-postadresse: kjartan.nesset@uib.no
Torill Eidsheim
Seniorrådgiver, Jefferson Wells

Hvem er Universitetet i Bergen?

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. 

Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2, inkl. innleige av 102.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar. Avdelinga forvaltar eit driftsbudsjett på omlag 536 mill. og eit investeringsbudsjett på omlag 377 mill. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.

Fagstøtte og Stab leverer spesialisttenester og administrative tenester til avdelinga. Fagstøtte leverer tenester innan ENØK-rådgiving, innkjøp/anskaffelser, vedlikehaldsplanlegging, sikkerheit, FDVU-systemet/teikningsdatabase. Seksjonen har i dag 13 stillingar, samt to lærlingar.