Ønsker du å jobbe med tunnelsikkerheit i Statens vegvesen

Medarbeidar, tunnelsikkerheit

Denne stillingsutlysningen er utløpt siden 16. juni, 2018. Se andre jobbmuligheter »

Stillingsbeskrivelse

Om oss

Stillinga er plassert på seksjon for tunnel og betong i Vegavdelingen i Vegdirektoratet. Seksjonen varetar Statens vegvesen si eigarrolle for tunnelar, og har spesialkompetanse innan ingeniørgeologi og bergsikring, tunnelsikkerheit og -forvaltning, elektro og automasjon, og dessutan betongteknologi. Seksjonen har ansvaret for myndigheits- og forvaltningsoppgåver innanfor tunnelar og elektroområdet. I tillegg utfører seksjonen forsking og utvikling, spesialrådgiving, kursing og opplæring, utforming av regelverk og standardisering. I tillegg har vi aktivitetar for å fastlegge mål og behov, utvikle strategiar og langsiktige planar, avgjere standardnivå og bidra fagleg i arbeidet med nasjonal transportplan, handlingsprogram og budsjettprosessar. Seksjonen har i dag 26 medarbeidarar som jobbar med eit vidt spekter av spennande oppgåver.

Arbeidsstad for stillinga er i utgangspunktet Oslo, men kan vere andre stadar etter avtale.

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • Utvikle fagområdet tunnelsikkerheit
  • Bidra til at oppgradering av tunnelar utføres i samsvar med tunnelsikkerheitsforskrifta blir gjennomført til rett tid, kost og kvalitet
  • Bidra til god forvaltning av tunnelane
  • Støtte Samferdselsdepartementet, fylkeskommunane og regionane i Statens vegvesen når det gjeld alle spørsmål om tunnel og tunnelforvaltning
  • Leige og delta i forskings- og utviklingsprosjekt i regi av Statens vegvesen og andre offentlege styresmakte
  • Deltaking i nasjonale og internasjonale fora

Kvalifikasjonskrav

Vi krev at du har minimum fem års relevant utdanning, fortrinnsvis sivilingeniør med kompetanse innanfor tunnelsikkerheit, tunnelforvaltning, tunnelanleggsdrift eller annan vegfagleg kompetanse.  Omfattande og relevant erfaring frå desse fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning. Du bør ha  erfaring frå samarbeid på tvers av forvaltingsnivå. Det er ein føresetnad at du har svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk.

Profesjonell, framtidsretta og inkluderande er verdiane til Statens vegvesens. Dette skal prege både organisasjonen og medarbeidarane.

Forutan fagleg tyngde vil vi derfor legge vekt på at du:

  • Er sjølvstendig, initiativrik og har evne til å arbeide strukturert
  • Samarbeider godt med andre og trivst med å jobbe tverrfagleg
  • Har fokus på gjennomføring og god kvalitet i leveransane
  • Er flink til å analysere og gjere gode og rasjonelle vurderingar

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, anbefaler vi ei autorisert omsetting av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturer og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenker nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønsker å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også dessa goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll

Godt arbeidsmiljø i eit flott og lyst kontorbygg som ligg fint til ved Alnaelva på Bryn i Oslo, med gode høve til å nytte offentleg kommunikasjon

Generell informasjon

Lønn blir avtalt nærmare i samsvar med lønnspolitikken vår. Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte avdelingsdirektør Claus K Larsen på tlf. 977 85 834.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste. Du vil bli varsla om dette.

Søk stillinga på www.vegvesen.no/jobb - ledige stillingar i Vegdirektoratet innan 16.06.2018.

Hvem er Statens vegvesen?

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Les mer om Statens vegvesen og se flere ledige stillinger